[dropcap]A[/dropcap]v og til er det beste ei heilt enkel formkake med god smak. Denne formkaka med mykje smak av krydder og ein liten overraskelse i midten er nettopp det, enkel og med god smak.
Dette var ein slik dag der det frista med ein god kopp te og eit kakestykke utan all verda med ingrediensar og forskjellige overdådige komponentar . Kaka er laga av speculooskjeks som eg har lagt ut oppskrift på tidlegare. Har du ikkje slike kjeks liggande eller heller ikkje lysta til å måtte lage dei fyrst for å kunne bake kaka så kan du erstatte med pepperkaker eller annan type krydra og søte kjeks.
[recipe-foody]Ingrediensar til ei lita kjeksformkake:
- 3 egg
- 80 g brun farin
- 150 g speculooskjeks (evt. pepperkaker el. liknande)
- 2 ts pepperkakekrydder (oppskrift her)
- 1 dl fløte
- 1 ss akasiehonning
- 1 ts bakepulver
- 1 ts vaniljesukker
- 1 klype salt
- 125 g hvetemel
- 3 speculooskjeks (evt. 4-5 pepperkaker)
- 75 g lys kokesjokolade, finhakka
[/recipe-foody]
Forvarm steikeovnen til 180 ºC.
Pisk egg og sukker luftig i ca. 3-4 minutter. Knus kjeksa heilt til dei er blitt til fine smular og bland det inn i eggedosisen saman med pepperkakekrydderet. Rør inn fløte og honning. Sikt deretter i alt det tørre og bland det saman. Kle ei lita brødform på ca. 24 x 12 cm med bakepapir og fordel halvparten av kakerøra i forma. Legg dei tre speculooskjeksa på toppen av kakerøra slik at det står igjen ca. 1 cm frå begge kantane. Legg den finhakka sjokoladen i ein tynn strek oppå midten av kjeksa langs heile vegen av brødforma. Ha resten av kakerøra forsiktig oppå toppen og glatt ut med ein slikkepott. Sett forma midt i den forvarma steikeovnen og la kaka steike i ca. 35-40 minutter, til ein kakepinne kjem ut rein. Avkjøl kaka litt og server den lunken med eit dryss melis oppå. Kaka smakar aller best nystekt og varm då sjokoladen framleis er smelta.