Krema kantarell-& kyllingpasta

[dropcap]K[/dropcap]rema pasta med fløte, kantarellar, kyllingkjøtdeig og salvie er absolutt nydeleg saman og er perfekt kosemat på sure haustdagar med regn.

Ingenting er bedre enn å sette seg godt tilrette med ein krema og fyldig varm pastarett når det regnar og stormar ute. I denne krema fløte-og crème fraÎcheblandinga er det også dijonsennep som gir ein litt skarp og aromatisk smak til både kylling og kantarell. Salvie er nok ei krydderurte som ikkje blir brukt så alt for mykje rundt om i heimane sidan ein kanskje ikkje veit heilt kva ein skal bruke det til. Prøv salvie saman med sopp-og kyllingrettar så vil du kjenne at det passar perfekt saman og gir ein heilt annan smak enn både timian og rosmarin som vi er godt vande med.

dsc01386

dsc01371

[recipe-foody]Ingrediensar til kantarell-& kyllingpasta for 4 personar:

  • 200 g pennepasta, gjerne fullkorn
  • ca. 200 g kantarell
  • 400 g kjødeig av kylling
  • 1 sjalottløk, finhakka
  • 2 fedd kvitløk, knuste
  • 1 ½ dl matfløte
  • 2-3 ss dijonsennep
  • 1 dl crème fraÎche + litt av kokevatnet frå pastaen
  • 2-3 ss fersk salvie, finhakka
  • nokre dråpar sitronjuice
  • olivenolje & smør, til steiking
  • salt & peppar
  • evt. rucculasalat, til servering
  • riven parmesan, til servering

[/recipe-foody]

Varm opp ei steikepanne med høge kantar og tilsett nokre dråpar olivenolje. Ha i kantarellen og steik på middels varme til den slepp væska og krympar saman. Ha i ein liten klatt smør og steik vidare til soppen er gylden. Krydre lett med salt og peppar og legg soppen til sides.

Sett på ein kjele med lettsalta vatn og kok pastaen etter anvisning på pakken. Når pastaen er ferdig kokt heller du av det meste av vatnet, men tek vare på ein liten del av det.

Skru opp varmen på steikepanna igjen og steik kyllingkjøtdeiga til den har fått gylden steikeskorpe. Ha i sjalottløk og kvitløk og la det surre med på lav varme i nokre minutt. Ha i matfløte og sennep og rør godt rundt. La det koke inn litt. Tilsett crème fraÎche i kyllingkjøtdeiga og bland saman. Ha i fersk salvie og smak til med sitron, salt og peppar. Dersom fløte-og kyllingblandinga blir for tørr har du i litt av kokevatnet frå pastaen til du får ein passelig krema konsistens. Bland inn pastaen i blandinga og ha i det meste av kantarellen og rør forsiktig rundt. Server pastaen gjerne med litt rucculasalat og riven parmesan og topp med nokre kantarellar.

dsc01383

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*