Krema spinatpasta med laks

[dropcap]P[/dropcap]asta med spinat, kremost og laks til kvardagsmiddagen. Kombinasjonen av pasta og laks saman med fyldig kremost og frisk sitron er nydeleg.

Pasta behøver slett ikkje bety berre kjøt og tomatsaus. Her har pastaen fått ein slags saus av kremost, sennep og fersk spinat og er servert saman med stekte lakseterningar. Fennikel gir retten eit lite særpreg og hint av lakrissmak.

[recipe-foody]Ingrediensar til pasta med spinat og laks for 4:

  • 300-400 g pasta
  • 2 medium store gule løkar
  • 1 fennikelrot
  • 200 g fersk spinat
  • 1 ½ ss grov sennep
  • 180 g kremost, naturell
  • ¾ dl matfløte
  • safta frå 1 sitron
  • 500 g laksefilèt, i terningar
  • salt & peppar
  • bladpersille til servering

[/recipe-foody]

Kok opp ein kjele med lettsalta vatn og kok pastaen etter anvisning på pakken.

Finhakk løk og fennikel og surr det i steikepanna i litt smør. Tilsett spinat og la den surre med til den har sunke saman og krympa inn. Rør inn sennep, kremost og matfløte og smak til med salt, peppar og sitronsaft. La blandinga stå på lav varme til du er klar til servering. Om du synest sausen tørkar inn litt for mykje kan du ha i litt meir matfløte rett før bruk.

Krydre lakseterningane med salt og peppar og steik dei i 2-3 minutter i ei panne på høg varme.

Bland inn den ferdigkokte pastaen i spinatsausen og server med lakseterningar og fersk bladpersille over. Ha gjerne over litt sitronsaft til slutt for å få det ekstra friskt.

DSC_0254

 

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*