Krydra bjørnebærsyltetøy

[dropcap]D[/dropcap]ette syltetøyet av bjørnebær er krydra med gode aromatiske krydder som stjerneanis, kanel og vanilje og er herleg både som pålegg på gjærbakst eller til dessertar og gode ostar.

Kryddera i syltetøyet gir eit lite hint av jul og er ein fin kontrast til det søte og syrlege frå dei milde bjørnebæra. Sidan det ikkje alltid er like lett å få tak i ferske bjørnebær på butikken har eg laga dette syltetøyet av frosne bær, men dette påverkar overhodet ikkje for den gode smaken. Syltetøy av bjørnebær gir ein heilt annan smak enn mange andre typar syltetøy og på grunn av den milde smaken kjem også aromaen frå kryddera ekstra godt fram. Så dette er eit syltetøy som passar perfekt for dei komande vintermånadane.

[recipe-foody]Ingrediensar til ca. 4 små glas med syltetøy:

  • 800 g frosne bjørnebær
  • 1 ss vatn
  • 1 kanelstong
  • ½ vaniljestong
  • 1 stjerneanis (heil)
  • ca. 400 g sukker
  • litt Certo syltetøypulver

[/recipe-foody]

Ha dei frosne bæra i ein kjele saman med ca. 1 ss vatn. Gi det eit oppkok. Ha i kryddera og la syltetøyet koke i ca. 10 minutt, til bæra har kokt godt saman. Ha i sukkeret og lat det småputre vidare til alt sukkeret er oppløyst. Ha i litt fortjukningsmiddel for syltetøy (etter anvisning på pakken) og la det koke eit minutt ekstra. Hell syltetøyet over på reine og sterile glas og avkjøl. Oppbevar kjølig.

 

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*