Krydra sjokoladekaffe

[dropcap]S[/dropcap]øt, krydra og varm kaffedrikk med smak av sjokolade. Denne varme kosedrikken er perfekt til haustens kalde kveldar i sofakroken.

Kaffe og kakao er to favorittar som til saman gir ein spennande smak når dei får selskap av kanel. Denne drikken er akkurat passe søt, krydra og rund på smak. Det aller beste er at det går raskt og lage. Nyt gjerne ein kopp av denne nydelege sjokoladekaffen saman med ein fersk kveitebolle eller anna gjærbakst.

[recipe-foody]Ingrediensar til to koppar krydra sjokoladekaffe:

  • 2 dl heilmjølk
  • 2-3 ss demerarasukker
  • 1 toppa ts vaniljesukker
  • 2 ss bakekakao
  • 1 kanelstang
  • 2 dl sterk kaffe

[/recipe-foody]

Ha heilmjølk, sukker, vaniljesukker, kakao og kanelstang i ein kjele og gi det eit lite oppkok. Lag sterk kaffe og tilsett det i mjølkeblandinga og rør godt rundt. Server umiddelbart. Om du vil ha ein ekstra søt og luksuriøs drikk kan du ha litt piska krem med kaneldryss på toppen. Nyt ein god kopp krydra sjokoladekaffe under pleddet ein haustkveld og få varmen!

DSC_0024

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*