Kvit sjokoladefondant

[dropcap]S[/dropcap]jokoladefondant er den perfekte avslutninga på eit godt måltid saman med friske bær eller bærsaus. Denne fondanten er laga med kvit sjokolade og har fått eit hint av frisk sitrus for å balansere den søte smaken.

Sjokoladefondant er ein av dei mest brukte og elska dessertane og det er ikkje utan grunn. Varm sjokolade som renn ut av den halvsteikte porsjonskaka når du set gaffelen i den er det vanskeleg å motstå. Opphavet til desserten  er ein ikkje heilt sikker på, men historia skal ha det til at det var eit uhell. Ein kokk tok ei kake ut av omnen for tidleg og fann ut at det varme rennande fyllet i midten smakte svært godt og hadde ein fin konsistens. Sidan den gong har denne desserten vore svært populær både på restaurant og i heimane. Originalt blir desserten laga med lys eller mørk sjokolade, men her har den fått ein vri med kvit sjokolade. Kvit sjokolade har ein mykje søtare smak enn anna sjokolade, men saman med sitronskal og ferske bringebær eller bringebærsaus blir dette ein nydeleg balansert dessert. Sjokoladefondanten kan du gjerne førebu i forkant av måltidet og setje klar i formene i kjøleskap før den skal steikast og serverast. Hugs berre på å justere opp steiketida noko dersom dei går rett i steikeomnen medan dei framleis er kjøleskapskalde.

[recipe-foody]Ingrediensar til kvit sjokoladefondant for ca. 4 personar:

  • 120 g kvit kokesjokolade
  • 100 g smør
  • 65 g melis
  • 2 store egg
  • 1 eggeplomme
  • 50 g kveitemjøl
  • ½ sitron, skalet

Til servering:

  • ferske bringebær (evt. bringebærpurè)

[/recipe-foody]

Forvarm steikeomnen til 220 ºC. Finn fram 4 ramekinformer på ca. 9 cm i diameter og smør og strø med mjøl.

Smelt smøret i ein kjele på middels lav varme. Finhakk sjokoladen så godt du klarer. Når smøret er smelta trekk du kjelen frå varmen og har i sjokoladen. La det stå slik i 1-2 minutt før du rører godt rundt i det slik at all sjokoladen smeltar. Ha i melis og bland godt saman. Rør inn egga eitt om gongen og bland godt slik du får ei glatt og fin røre. Sikt i kveitemjølet og bland saman. Riv skalet på sitronen og ha i røra. Fordel kakerøra i dei smurte porsjonsformene til dei er 2⁄3 fulle. Sett midt i omnen og la steike i ca. 10-12 minutt. Her må du prøve deg litt fram med steiketida etter din eigen omn og kor godt steikt du likar fondanten. Mine fekk stå i ca. 10 minutt sidan eg likar dei ganske flytande i midten. Avkjøl fondanten i forma i ca. 10 minutt etter steiking før du losnar dei rundt kanten med ein skarp kniv. Snu kaka opp ned på serveringsfat og dunk forsiktig slik den slepp forma. Server desserten med eit lite dryss melis og masse ferske bringebær eller bringebærpurè.

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*