Sprø kyllingbitar med chili-dip

[dropcap]S[/dropcap]prø kylingbitar med knasande og krydra panering og ein god chili-dip er herleg god snack-og kosemat til helga. Det passar som ein lett smårett når du er fysen på noko salt eller som eit måltid dersom du serverer saman med ein god meksikansk salat ved sidan av. Noko å prøve for deg som er lei taco`en eller berre har lyst på noko nytt?

Dette er skikkeleg digg snack-mat saman med noko godt i glaset ein fin vårkveld eller også gjerne servert i tortillalefser saman med salat, rødløk, avokado og lime. Godt er det uansett. Sjølv brukte eg filet av kyllinglår som gir litt meir saftig og smakfullt kjøt enn filet av kyllingbryst, men begge deler fungerer fint!

yAWxHRcISY+uvOD+uU%Ulg_thumb_74a2

77CM2hi3QdqI+lxQo3vx5Q_thumb_74ae

[recipe-foody]Ingrediensar til ca. 4 personar:

  • 500 g kylling (lår/brystfilet)
  • 1 ½ dl kveitemjøl + 1 ½ ts salt + ½ ts pepar
  • 2 ts paprikapulver
  • 1 ts kvitløkspulver
  • 1 pk. tacoskjell
  • 1 ts tørka persille
  • 2 egg
  • maldonsalt

Rømme- og chilidip:

  • 1 dl lettrømme
  • 1 dl lettmajones
  • 3 ss sweet chilisaus
  • 1 ts Sriracha (sterk chilisaus)
  • 1 klype chili
  • 1 klype brunsukker
  • limesaft
  • salt & pepar

[/recipe-foody]

Forvarm steikeomnen til 200 ºC.

Skjær filet av kylling i strimlar som er ca. 2 cm breie og 5-6 cm lange. Ha kveitemjøl, salt og pepar i ei skål og bland det godt saman. Set til sides. Ha tacoskjell i ein lukka pose og knus dei til du har små smuler. Ha det i ei skål saman med paprikapulver, kvitløkspulver og persille og bland saman. I ei tredje skål har du i egga og piskar dei lett saman. Dypp kyllingbitane fyrst i mjølet til du får dekt alle sider, så over i egg og til slutt i tacoskjell-blandinga slik du har fått ei fin panering som dekker alt kjøt. Gjenta med alle kyllingbitane og legg på bakepapirkledd steikebrett. Dryss over maldonsalt. Set midt i omnen og steik i ca. 15-20 minutt eller til kyllingen er gjennomsteikt. Snu bitane halvvegs i steiketida slik dei blir jamt steikte. Set gjerne på varmluft-funksjon siste minutta for å få ekstra gylden overflate.

Medan kyllingen står i omnen kan du blande saman dipen. Ha alle ingrediensane i ei skål og bland godt saman. Juster smaken og styrken ved å tilpasse med ønska mengde lime og chili. Blir den for sterk har du berre i litt ekstra rømme og/eller majones.

Server lun kylling med dip og gjerne ein salat om du vil!

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*