Lakrispavlova med pasjonsfruktcurd

[dropcap]P[/dropcap]avlova ser ut til å vere det verkeleg store i år og det florerer med oppskrifter både her og der. Det er slettes ikkje rart sidan det er enkelt å lage og kan varierast i det uendelege. No nærmar 17.mai-feiringa seg og veldig mange har tenkt å lage nettopp pavlova til den store dagen. Denne varianten har god smak av lakris og er toppa med syrleg pasjonsfruktcurd og krem. Pavlovaen kan du lage enten som ei heil stor kake eller små porsjonspavlova som ein dessert.

Denne gongen laga eg pavlovaen som små porsjonsdessertar, men du kan fint steike den som ei heil kake om du vil det. Den litt skarpe og salte smaken frå lakris fungerer perfekt saman med det søte frå marengsen og det syrlege frå pasjonsfrukta. Pasjonsfruktcurden eg har på toppen har eg laga etter oppskrifta i dette innlegget, men har bytta ut sitronen med lime som gir ein litt skarpare smak. Både pasjonsfruktcurd og marengsen til pavlovaen kan du lage på førehand slik at alt går raskt å sette saman på serveringsdagen. Lakrismarengsen passar også perfekt saman med ferske jordbær eller kremar og sausar av andre raude bær.

DSC_0133

[recipe-foody]Ingrediensar til 6 stk middels store porsjonspavlova:

Lakrismarengs:

  • 140 g eggekviter, romtempererte
  • 250 g sukker
  • 1 ss maizena
  • 1 ts eddik
  • 1 ss varmt vatn
  • 2 ts rålakrispulver (for eks. Johan Bülow raw lakrispulver)

Til servering:

  • 2 dl seterrømme
  • 2 ss sukker
  • pasjonsfruktcurd (oppskrift her)
  • fersk pasjonsfrukt
  • ferske jordbær
  • evt. finhakka pistasjnøtter

[/recipe-foody]

Forvarm steikeovnen til 100 ºC.

Ha eggekviter, sukker, maizena, eddik og til slutt varmt vatn i ein bakebolle og pisk det til stiv marengs på høg hastigheit i maskina. Marengsen bør piskast i minst 10 minutter for å bli stiv og skinnande. Til slutt har du i lakrispulver og piskar vidare i ca. 2 minutter ekstra, til alt er fint blanda saman. Ha marengsen i ein sprøytepose og sprøyt ut 6 stk runde sirklar på ca. 12-15 cm i diameter med litt avstand frå kvarandre på bakepapirkledd steikebrett. La dei steike i ca. 1 ½-2 timar. Dersom du har meir marengs til overs kan du sprøyte ut små toppar som du kan bruke til pynt også. Har du lyst å lage pavlovaen som ei heil stor kake fordeler du marengsen utover til ein stor sirkel på 20 cm og steiker den på 140 ºC i ca. 1 ½ time. Når marengsen er blitt tørr og sprø og du fint kan løfte dei forsiktig frå bakepapiret er dei ferdige. Då skrur du av steikeovnen og lar dei stå igjen inne i ovnen og tørke til den er kald. Det kan gjerne stå over natta.

Lag pasjonsfruktcurd etter oppskrift frå linken her og la den avkjøle seg før bruk. Ha seterrømme og sukker i ein bolle og pisk det stivt. Dette kan ta nokre minutter. Då får du ein herleg og luftig krem med god og syrleg smak. Server lakrispavlova med ein god klatt rømmekrem, pasjonsfruktcurd og fersk pasjonsfruktsaft over. Server i tillegg finhakka pistasjnøtter og ferske jordbær på toppen for å få ekstra god og frisk smak.

DSC_0102

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*