Lammelår med kantarellfløtepoteter og rødvinssaus

[dropcap]S[/dropcap]aftig og mørt lammelår med masse smak av rosmarin og kvitløk, rotgrønsaker, rødvinssaus og fløtegratinerte poteter med kantareller. Smakar og ingrediensar som garanterer for eit godt resultat.

Dette lammelåret blei av det mest saftige og møre lammekjøt eg har smakt. Tilbehøret var enkelt og ukomplisert, men passa ypperleg og gjorde heile måltidet til den perfekte smakskombinasjon.

DSC_0267

Lammesteik høyrer både påske og søndagar til, så då måtte det rett og slett inn på gårsdagens meny. Lammekjøt er personleg noko av det eg er aller mest glad i. Blir kjøtet saftig og mørt og du har ein god saus til, så kan det ikkje slå feil. Har du lyst på ei god steik med nydeleg tilbehør og gjerne eit glas rødvin til, så kan eg anbefale å sette av plass til denne oppskrifta for neste helgs meny.

[recipe-foody]Ingrediensar til lammelår og tilbehør for ca. 4 personar:

Lammelår og rotgrønsaker:

  • 1 lammelår ( dette var på ca. 3 kg)
  • 1 rosmarinplante
  • 2-3 ts tørka rosmarin
  • 6-7 fedd kvitløk
  • 3 ts salt
  • 2 ts pepper
  • ½ sellerirot
  • 4-5 store gulrøtter
  • 7-8 middels store sjalottløk
  • 3 dl tørr sherry
  • 3 dl rødvin
  • 3 dl vatn

Fløtegratinerte poteter med kantareller:

  • 12 mandelpoteter
  • 1 stor sjalottløk
  • 1 dl tørka kantareller (evt. ferske om du har det)
  • 3-4 dl fløte
  • reven ost
  • salt & peppar

Rødvinssaus:

  • rødvinskrafta frå lammelårpanna ( ca. 7-8 dl )
  • 4 ss hvetemel blanda ut med litt vatn
  • 1 ss soyasaus
  • salt & pepper etter behov

[/recipe-foody]

Forvarm steikeovnen til ca. 120º C. Start så med å skjære ut isbeinet på lammelåret (kan du ikkje dette finn du framgangsmåte på MatPrat og Youtube). Fjern gjerne også litt av toppen på leggbeinet med ei kjøttøks og skrap av eit par cm med kjøt og sener, så får du eit fint “handtak” og eit lammelår som ser fint ut på fatet og er lettare å skjære skiver av. Smør så inn steika med salt og peppar. Del kvitløksbåtane i skiver og lag små lommer i steika og stikk inn kvitløksbåtar og kvastar med fersk rosmarin inn i lommene.

Så delar du gulrøtter og sellerirot i stavar og sjalottløkane i to og legg det utover i ei langpanne. Legg så lammelåret oppå rotgrønsakene og strø over med tørka rosmarin. Fyll så botnen av langpanna med sherry, rødvin og vatn. Stikk eit steiketermometer inn i den tjukkaste delen av lammelåret (pass på så du ikkje treffer beinet) og sett steika inn i ovnen og steik den til termometeret viser ein temperatur på 60° C. Dette vil ta ca. 2 timars tid, avhengig av størrelse på låret og temperatur på ovnen. Med jamne mellomrom under steikinga kan du bruke ei lita øse og øse over litt av rødvinskrafta i botnen på panna og helle over steika.

Imens steika står i ovnen kan du forberede potetene. Kok mandelpoter i ca. 5 min i ei panne og sett så til sides ei lita stund så dei får avkjølt seg litt. Skrell så potetene og skjær dei i tynne skiver på 2-3 mm. Skjær sjalottløk i tynne ringar og riv dei tørka kantarellane i passelege bitar. Brukar du ferske kantareller vil det lønne seg å steike dei godt i ei tørr steikepanne fyrst. Legg eit lag med poteter i ei ildfast form, strø over litt sjalottløkringar og kantareller og krydre med salt og peppar. Gjenta så desse laga til du har brukt opp alle ingrediensane. Fyll så på med fløte i forma til det nesten dekker alt, men la det stikke opp litt poteter på toppen. Strø reven ost over og sett til sides.

Når lammesteika har nådd ein temperatur på 60º C, så skrur du opp ovnstemperaturen til 200-225º C og lar den stå til låret har nådd ein temperatur på 67º C. Då får den ei litt sprø utside. Ta så ut lammelåret ved 67 º C og pakk den inn i aluminiumsfolie og la kvile.

Sett så potetene inn i den allereide varme steikeovnen og la dei steike i ca. 20 min eller til dei har fått ei gylden og sprø skorpe på toppen og fløta har tjukna. Her kan det også lønne seg å sette på grillfunksjonen eit par min.

DSC_0282

Imens potetene steikar kan du lage sausen. Ta all krafta frå langpanna og ha over i kokepanne. Sil gjerne krafta for å få ut evt. klumpar og grønsaksbitar. La krafta koke opp og tilsett 2 ss av hvetemelblandinga og la det småputre i 10 min til den tjuknar litt. Vil du ha sausen litt tjukkare tilsetter du berre meir av hvetemelblandinga. Ha så i 1 ss soyasaus og krydre med peppar og salt etter behov.

Server så skiver av lammelår med rotgrønsakene, fløtepoteter og rødvinssausen til. Perfekt gjestemat og festmat med ein god vin til. Restane av lammelårkjøtet kan du fint fryse ned eller bruke til sandwich eller i salat dagen etter.

DSC_0299

Då gjenstår det berre å nyte maten!♥

 

 

 

 

 

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*