Lasagnerullar

[dropcap]L[/dropcap]asagne finnest i utallige variantar og versjonar både med og utan både kjøt og pasta. Denne gongen hadde eg lyst på noko litt annleis enn den tradisjonelle lasagnen og laga rullar av lasagneplatene. Resultatet blei ein av dei bedre lasagnemiddagar som har blitt servert her i huset. Dei gode og enkle italienske smakane i denne lasagnevarianten gir ein herleg pastarett som dei fleste vil like.

Det kan kanskje høyrest litt avansert og tidkrevande ut å lage lasagnen på denne måten, men eg brukte omtrent like lang tid som på ein tradisjonell heimelaga lasagne. Den kvite sausen er bytta ut med ein kremete spinat-og kremostblanding som går raskt å lage og smakar nydeleg. Tomatsausen er enkel og smakfull med gode råvarer, så dette kunne ikkje bli anna enn velsmakande saman. Sørg for å bruke gode lasagneplater når du skal lage denne retten for å få det beste resultatet. Her har eg brukt lasagneplater frå merket Barilla.

DSC_0296

[recipe-foody]Ingrediensar til lasagnerullar for ca. 4-5 personar:

  • 10 stk lasagneplater

Spinat-og kremostsaus:

  • 200 g ferske spinatblader
  • 1 middels stor sjalottløk, finhakka
  • 1 stort fedd kvitløk, knust
  • 1 ss tørka oregano
  • 300 g Philadelphia kremost, naturell (evt. ricottaost etc.)
  • salt & peppar
  • sitronsaft
  • 150 g champignonsopp
  • 400 g kjøtdeig av storfe
  • salt & peppar

Tomatsaus:

  • 2 ss olivenolje
  • 1 stor sjalottløk, finhakka
  • 2 fedd kvitløk, knuste
  • 800 g hermetiserte cherrytomatar (evt. annan type smakfulle tomatar på boks)
  • 1 ss tomatpurè
  • 1 ss balsamicoeddik
  • 1 toppa ts tørka timian
  • 1 neve fersk basilikum, grovhakka
  • salt & peppar
  • 150 g mozzarella (her med Arla Apetina mozzarella pearls)
  • fersk basilikum
  • parmesanost

[/recipe-foody]

Start med å koke opp litt lettsalta vatn i ein stor kjele og hell i litt olivenolje. Ha i lasagneplatene og kok dei i ca. 2-3 minutter, til dei er møre og kan bøyast. Legg dei utover eit kjøkkenhandklede og la dei tørke og avkjøle seg litt.

Varm opp litt olivenolje i ei steikepanne og tilsett fersk spinat, sjalottløk og kvitløk og la det surre på middels varme til spinaten har kokt saman og blitt mjuk. Skru ned varmen litt og tilsett oregano og kremost og bland det godt saman til osten har blitt gjennomvarm. Smak til med salt, peppar og sitronsaft og sett blandinga til sides.

Skjær champignonsoppen i små terningar og steik den i ei tørr steikepanne på høg varme saman med kjøtdeiga. La både sopp og kjøt få godt med farge og tilsett deretter litt olivenolje og la det surre vidare til alt er bruna. Krydre med salt og peppar og legg til sides i ei stor skål medan du lagar tomatsausen.

Forvarm steikeovnen til 200 ºC. Ha i olivenolje i steikepanna og tilsett sjalottløken og kvitløksfedda. La løken surre til den er mjuk og glansfull. Tilsett hermetiserte cherrytomatar, tomatpurè, balsamicoeddik og tørka timian og la det koke opp. La sausen småputre på middels varme i ca. 10 minutter. Ha i fersk basilikum og smak til med salt og peppar. Hell deretter ein tredjedel av tomatsausen utover i ei stor ildfast form (ca. 32 cm). Hell deretter halvparten av tomatsausen som er igjen i panna over kjøtdeigblandinga og spar resten av tomatsausen til seinare. Bland tomatsausen godt saman med kjøtet.

DSC_0260

Så er det tid for å lage lasagnerullane. Legg ei stripe med spinat-og kremostsaus på midten av kvar lasagneplate, slik at det står igjen ca. 1-2 cm frå kanten heile vegen rundt. Legg ei stripe med kjøtdeigblanding oppå spinatsausen på kvar lasagneplate igjen og strø gjerne litt finhakka basilikum oppå. Rull saman alle lasagneplatene slik at du får skjøten på undersida og legg dei tett saman i den ildfaste forma med tomatsaus. Når du har fått rulla saman alle lasagneplatene og lagt dei i forma heller du over resten av tomatsausen i to striper over alle rullane. Riv mozzarellakulene i små klattar og legg på toppen av lasagnerullane. Riv over litt parmesanost og strø på litt nykverna peppar og fersk basilikum på toppen. Sett inn i den forvarma ovnen og la steike i ca. 25-30 minutter, til osten på toppen er smelta og gylden på farge.

Server lasagnerullane med litt grøn salat og nyt den gode smaken av Italia.

DSC_0278

Ein kommentar

  1. Superbe blog, qui transpire la passion à l’état pur …

Legg att eit svar til sikis izle Avbryt

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*