Lefser (tynnlefser)

Lefsebaking til jul er fast tradisjon kvart einaste år. Då samlar eg, mamma og tante oss på kjøkenet og kjevler, smører og brettar til den store gullmedalje. I år som i fjor har vi laga ein haug med lefser som er fint pakka og fryst ned til jula. Lefsene er mjuke og saftige og fylte med ein smørkrem med masse kanel og smakar nydeleg godt!

For å sette i gong med lefsebaking treng du ei takke, ei ruta kjevle, bakeunderlag, bakstefløy (steikepinne), fuktige laken/kjøkenhandklede og ein porsjon tålmodigheit. Å bake lefser er ein del arbeid, men prosessen er kjekk og dei gode lefsene ein sit att med gjer det absolutt verdt det. Sjølv har eg blitt rett så glad i kjevlinga og synest dette er ein gjevande jobb. Oppskrifta til lefsene har fulgt oss i nokre år og sidan den er så god på smak og fungerer så fint ser eg ingen grunn til å bytte den ut. Eg kan slettes ikkje ta æra for denne oppskrifta, for den var det nemleg ei flott dame ved namn Kjellrun Liavåg som stod for. Nokon små endringar har vi testa og bytta ut, men begge variasjonar av oppskrifta er like gode. Oppskrifta gir ca. 22-25 stk. lefser og blir som oftast dobla her i heimen når vi fyrst set i gong. Bileta frå prosessen er nok ikkje dei aller beste og eit nærbilete av dei ferdige produkta blei heilt gløymt av, men det kjem nok etter kvart. Lykke til med bakinga!

vjaeqakxqpcjmk6gycda_thumb_6515

tixty8gkqrmq0n8cbiqezg_thumb_6519

Ingrediensar til ca. 22-25 stk lefser (etter oppskrift frå Kjellrun Liavåg):

  • 250 g margarin (evt. meierismør)
  • 250 g sukker
  • 2 ss hjortetakksalt
  • 1 l skumma kulturmjølk (evt. vanleg kulturmjølk)
  • ca. 1,8 kg kveitemjøl (ca. 1 kg i deiga og resten til utbaking)

Smørkrem:

  • 1,5 kg meierismør
  • 900 g sukker
  • nokre ss kanel

Gjer klart alt utstyret før du startar slik at du har full kontroll. Kjøkenhandklede eller laken bør du helst kjøre på eit skylleprogram i vaskemaskina heilt utan nokon form for vaskemiddel. For det kan nemleg sette smak på lefsene. Sett steiketakka på middels lav varme eller prøv deg fram etter di eiga takke.

Lag deiga til lefsene ved å røre smør og sukker kvitt og luftig. Bland inn hjortetakksaltet i 1 kg kveitemjøl. Rør inn mjøl og kulturmjølk vekselsvis i deiga til du har fått ei jamn og lett klissete deig. Her er det betre jo mindre mjøl du har i slik at deiga blir lett å jobbe med og ikkje for fast og seig. Men husk på at den heller ikkje skal klistre seg fast i alt, så bruk heller rikeleg med mjøl til utbakinga. Bruk ca. 125-130 g med deig til kvar lefse og trill til runde bollar. Sett klar alle deigemna på eit steikebrett med plastfolie og strø litt mjøl på. Dekk med plastfolie medan du jobbar slik at dei ikkje tørkar ut.

q86x2rmbtnyfx6gz2ojaa_thumb_6506

fhgbdmpwrvmv1d%2avf7dw_thumb_6508

Bruk ei silikonmatte eller bakeunderlag i stoff og strø godt med kveitemjøl både på underlag og over deigemnet og kjevle ut lefsene til store tynne runde leiver på ca. 40 cm. Her bør du vere lett på handa og la kjevla fylgje deigemnet slik du ikkje brukar makt. Det kan vere litt vanskeleg å få lefsene runde, men øving gjer meister! Flytt lefsene forsiktig ved hjelp av ein bakstefløy og rull forsiktig over på takka. Dersom du er usikker på korleis du gjer dette kan du søke opp demonstrasjonsvideo på nett. Steik dei på middels lav varme til dei får små lysebrune fregner og snu. Tørk av overflødig mjøl frå både lefse og takke undervegs slik at det ikkje brenn seg fast. Steik berre ei lita stund på andre sida før du legg dei ferdige lefsene i ein stabel med våte laken/kjøkenhåndkle mellom kvar av dei. Når du har ca. 10 lefser i stabelen snur du heile opp ned og startar å smøre den fyrste lefsa med smørkrem. Då skal lefsene vere passeleg våte slik det går lett å smøre og brette dei.

stale_thumb_6511

zaq5crfur7cztmsjbu8xq_thumb_6517

For å lage smørkremen rører du sukker og smør kvitt og porøst. Smak til med rikeleg av kanel og bland godt saman. Når du smører lefsene har du eit tynt lag med smørkrem over det heile før du brettar inn to halvmånar på kvar side slik dei nesten treff kvarandre. Brett inn den runde folden på kvar kortside slik lefsa får ei rektangulær form. Til slutt brettar du rektangelet saman slik du får ei avlang lefse med smørkremen inni. Pakk inn i plastposer med matpapir i mellom kvar lefse og frys ned til bruk.

viqausbat1o27am4wtc9dq_thumb_651a

17 Kommentarar

  1. Hei. Jeg og mamma har lefse-bake-helg og var på leting etter oppskrift på smøring til lefsene når jeg tilfeldigvis fant oppskriften din her. Vi droppet å bruke oppskriften på deigen som vi hadde fra før for din så så mye enklere ut! Og det var den! Og så kjempegod både å holde på med og nydelig smak! Takk for kjempefin oppskrift!

    • Hei! Så kjekt at den falt i smak! Synest sjølv at det er den mest enkle og smakfulle oppskrifta eg har vore borti, så ekstra stas når andre opplev det same! Håper det blir mange fine stunder med lefser til kos fram mot jul! 🙂

  2. Takk for god beskrivelse! Gleder meg til å ta opp min grandtantes tradisjon for lefsebaking.

  3. Hei 🙂
    Ser på sida di , og ble interessert i denne lefse oppskrifta. Jeg er veldig uerfaren i dette faget , men du hadde så fin forklaring , så nå vil jeg prøve.
    Men.. , jeg kunne tenke meg å bare prøve 1/2 oppskriften føste gangen. Deler jeg da alle ingrediensene på to?
    På forhand tusen takk?

    • Hei! 🙂
      Så flott at du vil prøve deg med lefsebaking! Synest dette er svært kjekt arbeid sjølv. Oppskrifta er lett å få eit godt resultat med synest eg, og smaken er nydeleg. Forstår godt at du vil lage ein mindre porsjon fyrste gong, og det går heilt fint å dele oppskrifta på to. Det har eg sjølv gjort når tida ikkje strekk til 🙂
      Lykke til! Og gi gjerne tilbakemelding 🙂

  4. liv-anne eriksen

    hvor får man tak i sånnt underlag?

    • Hei!
      Eg har fått sydd underlag frå mor mi. Det blir ofte brukt seglduk som stoff til å sy slike underlag, så dersom du kan å sy er det nok ein enkel sak å ordne seg for å lage ein fin kant som held seg på stoffet 🙂

  5. Må det brukes rutet kjevle?

    • Hei!
      Du kan fint bruke vanleg kjevle også. Eg vil allikevel anbefale ruta kjevle om du har tilgong på det, sidan det gjer jobben mykje enklare 🙂

  6. Anne-Berit Lyngbø Mundal

    Hei
    Prøvde denne oppskriften i fjor og den var helt topp, i år har jeg også lyst å lage noen anislefser også, kan jeg bruke samme oppskriften og bare tilsette anis i tillegg?

  7. Anne-Berit Lyngbø Mundal

    Hei
    Brukte denne oppskriften i fjor og den var helt topp, nå lurer jeg på om jeg kan bruke samme oppskrift hvis jeg ønsker å lage anis-lefser også?

    • Hei!:)
      Beklagar så mykje at eg ikkje fekk svart deg tidlegare då eg var litt avlogga i førjuls-og juletida. Eg har sjølv aldri prøvd å lage anis-lefser, så kan ikkje gi deg noko konkret svar på dette. Har sjekka ut ein del oppskrifter av anis-lefser og ser at dei ikkje er så alt for ulike tynnlefse-oppskrifta i alle fall. Håper du fant noko som fungerte! 🙂

  8. Hva er galt når sukkeret en smører med smelter og lefsene blir klissete når en tar de opp av frysa

    • Hei!
      Beklagar veldig seint svar, men håper du fann ut av det 🙂 Det høyrest nok ut som lefsene framleis er litt varme frå steikinga og stabelen derfor held på varmen litt når du har smørt på smøret. Det er einaste eg kan tenkje meg i alle fall. Har ikkje hatt problem med klissete lefser sjølv, men har opplevd at fyllet smeltar når lefsa framleis er lunken under smøring.

  9. Brit Helen Hesselberg

    Hei,
    Stemmer det at det går med 1,5 kg smør til smørkremen? Det høres ut som en veldig stor porsjon.
    Mvh
    Brit Helen

    • Hei!
      Beklagar seint svar, men det stemmer nok ja. Det høyrest mykje ut, men når ein smører heile flatene på nesten 25 stk lefser forsvinn dette raskt 🙂

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*