[dropcap]D[/dropcap]å var julaftan overstått for i år og roa har funne plass i heimen. Gårsdagen starta med ein koseleg familiefrokost der desse lyse rundstykka med valmuefrø var ein del av utvalget. Dei blei lette, luftige og saftige!
Sjølv om den største dagen i jula sånn sett er over er det fortsatt mange gode morgenar med lange julefrokostar igjen. Har du også lyst på lyse og lette rundstykker til dei gode frokostborda er det berre å slenge ihop ei deig.
[recipe-foody]Ingrediensar til ca. 15 stk lyse rundstykker:
- 25 g fersk gjær
- 3 ½ dl vatn, romtemperert
- 2 dl gresk yoghurt (eg har brukt ein tjukk type, Lindahls)
- 2 ts salt
- 1 ts honning
- 500 g hvetmel
- 200 g sikta rugmel
- egg, til pensling
- valmuefrø, til pynt
[/recipe-foody]
Bland saman gjær, vatn, yoghurt, salt og honning i ein bakebolle. Tilsett melet litt og litt og bland godt. La deiga elte i kjøkkenmaskin i ca. 10 minutter, til du får ei fast og smidig deig. Dekk med plastfolie og la deiga heve til dobbel størrelse på ein lun plass, ca. 1 ½ time.
Del deiga opp i ca. 15 små emner og trill bollar av dei. Sett på bakepapirkledd steikebrett og la etterheve i ca. 1 times tid, til dei er dobla i størrelse.
Forvarm steikeovnen til 225 ºC. Pensle rundstykka med egg og strø på godt med valmuefrø. Snitt rundstykka forsiktig på tvers med ein skarp kniv om du ønskar. Dette slepp ut ein del damp og gjer at du kan kontrollere kvar ei eventuell sprekke i rundstykka kjem. Sett midt inn i steikeovnen og la rundstykka steike i ca. 12 minutter, til dei er gyldne og sprø på utsida. Avkjøl på rist. Nyt dei saman med smør og godt pålegg. Dei er også supre å fryse ned.