[dropcap]S[/dropcap]må italienske foccaciabrød som er perfekt tilbehør til middagar, salatar og tapasbord eller til å nytast aleine med god olivenolje.
Desse små foccaciabrøda skal eg bruke til noko godt seinare, men dei er også supre som dei er aleine. For best mulig resultat er det greitt å bruke godt modne og smakfulle tomatar og ein god olivenolje. Foccaciabrøda er også fine å bruke til smørbrød med masse godt pålegg.
[recipe-foody]Ingrediensar til 10 mini foccaciabrød:
Deig:
- 600 g hvetemel
- 250 g sikta speltmel
- 25 g gjær
- 30 g semolinamel
- 15 g salt
- 75 g olivenolje
- 480 g vatn
Fyll:
- cherrytomatar
- rosmarinplante
- god olivenolje
- maldonsalt
[/recipe-foody]
Bland saman alt speltmel, semolinamel, salt, gjær, olivenolje, vatn og nesten alt hvetemelet og elt det saman i kjøkkenmaskin i ca. 5 minutter. Tilsett evt. meir mel om nødvendig. Ha så deiga ut på kjøkkenbenken og kna å strekk i den til du får ei glatt og smidig deig. Sett så til heving til ca. dobbel størrelse, ca. 2 timars tid.
Forvarm ovnen til 250 ºC. Del deiga i 10 like store delar og trill til bollar. Kjevle dei så ut til ca. 2 cm høge runde leivar og sett på steikebrettet og la etterheve i ca. 45 minutter.
Rett før steiking deler du cherrytomatar i to halvdelar og trykker dei godt nedi kvart av foccaciabrøda. Stikk også nokre kvastar med rosmarin nedi og ha godt med olivenolje og maldonsalt over. Sett midt i steikeovnen, skru ned temperaturen til 230 º C og la dei steike i ca. 20 minutter til dei er gyldne og fine. Avkjøl på rist og ha over litt ekstra olivenolje før servering.