Nøttepanert laks med spinatblanding

[dropcap]K[/dropcap]vardagsmiddagar skal gjerne gå både raskt og enkelt å lage og samtidig vere sunne og proppa i næringsstoff. Denne fiskemiddagen er mettande, sunn og smakar i tillegg veldig godt.

Laksen har fått eit lokk av pistasjnøtter og sennep og gir ein spennande smak. Saman med ei spinatblanding med sopp og paprika og den sunne byggrisen blir dette eit sunt og velsmakande kvardagsmåltid som er laga på 20 minutters tid.

[recipe-foody]Ingrediensar til nøttepanert laks med tilbehør for ca. 4 personar:

  • 4 x 125 g laksefilet, uten skinn og bein
  • salt & peppar

Pistasj-og sennepsglasering:

  • 2 ss pepperrotssennep
  • 1 ½ – 2 ss akasiehonning
  • 40 g pistasjnøtter, grovhakka
  • 2 ts tørka persille
  • ei klype salt & peppar
  • parmesanost

Spinatblanding:

  • 200 g fersk spinat
  • 200 g champignonsopp
  • 1 raud paprika
  • 4 små sjalottløk
  • sitronsaft
  • salt & peppar
  • smør & olivenolje til steiking

Tilbehør:

  • kokt byggris
  • fersk persille

[/recipe-foody]

Forvarm steikeovnen til 220 º C. Bland saman sennep, honning, pistasjnøtter, persille, salt og peppar i ei skål. Krydre laksefiletane med salt og peppar og legg dei i ei ildfast form. Smør utover pistasj-og sennepsblandinga i eit jamnt lag på toppen av laksefiletane. Riv over litt parmesanost og sett midt i forvarma steikeovn og la stå i ca. 12 minutter. Dei siste 2 minutta kan du skru på grillfunksjon slik nøttepaneringa får ei sprø overflate.

Kok byggris etter anvisning på pakken. Skjær soppen i små terningar og steik i ei tørr steikepanne til den får farge. Tilsett så litt smør og olivenolje. Kutt opp sjalottløk og paprika i små terningar og ha i saman med soppen og steik til det er mjukt og blankt. Tilsett all spinaten og ha i litt meir smør og ein skvett olivenolje og la det steike ned til spinaten har krympa inn. Smak til med sitronsaft, salt og peppar.

DSC_0209

Server laksefiletane saman med spinatblandinga, byggris og strø over litt fersk persille og gjerne litt ekstra sitronsaft over det heile. Smakfull, sunn og rask fiskemiddag!

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*