Ostekake med lakris & bringebærgèle

[dropcap]O[/dropcap]stekake er framleis min store kakefavoritt og som eg alltid seier skal den helst vere stekt. Denne stekte ostekaka har fått ein ny vri med eit tynt lag med bringebærgèle på toppen og herleg lakrissmak i botnen.

Lakris og bringebær er smakar som passar perfekt saman. Den litt salte og skarpe smaken frå lakrisen blir passe balansert saman med søt og syrleg smak frå bringebær. I ostefyllet har eg brukt Snøfrisk kremost som gir ein litt meir syrleg og frisk smak enn mange andre kremostar. Til kaka har eg også laga min eigen heimelaga bringebærgèle, men dersom du ikkje har tid eller lyst til det kan du bruke ferdig gèlepulver frå butikken.

DSC00083

[recipe-foody]Ingrediensar til ostekake for ca. 8-10 personar:

Botn:

  • 230 g Digestivekjeks
  • 100 g smør, smelta
  • 25 g sukker
  • 1 ss lakrispulver (Johan Bülow raw lakrispulver)

Ostefyll:

  • 450 g Snøfrisk, naturell kremost
  • 200 g sukker (ca. 2 dl)
  • ½ vaniljestang, frøa
  • 150 g seterrømme
  • 2 egg
  • ½ ts lakrisrotpulver, fint (kan sløyfast)

Bringebærgèle:

  • 400 g frosne bringebær
  • 1 ½ dl vatn
  • 1 dl sukker
  • 4 gelatinblad

[/recipe-foody]

Forvarm steikeovnen til 175 ºC. Kle ei springform på 24 cm med bakepapir i botnen og smør kantane med smør.

Ha digestivekjeks i ein foodprocessor og kjør til det er fine smular. Ha i smelta smør, sukker og lakrispulver og bland det godt saman. Hell kjeksblandinga over i springforma og trykk det godt ned i botnen i eit jamnt lag. Steik botnen midt i ovnen i ca. 10 minutter. Avkjøl litt.

Skru ned ovnstemperaturen til 120 ºC. Ha kremost og sukker i ein bolle og rør det mjukt og luftig. Tilsett vaniljefrø og seterrømme og bland igjen. Deretter har du i egga eitt om gongen og rører godt mellom kvart av dei. Rør inn lakrisrotpulver til slutt. Hell osteblandinga over den litt avkjølte kjeksbotnen og fordel jamnt utover. Sett kaka midt i steikeovnen og la den steike i ca. 60 minutter, til ostefyllet har stivna og fått ei fast overflate. Ostefyllet skal framleis disse litt i midten når du rører på forma. Avkjøl kaka heilt på rist.

For å lage bringebærgèle har du frosne bringebær og vatn i ein kjele og gir det eit lite oppkok. La det stå å småputre i ca. 10-15 min. Hell bringebærmassen gjennom eit dørslag med eit linklede over ein bolle og la det renne av seg til du har fått ut all væska. La dette stå slik i ca. 30-60 minutter. No skal du sitte igjen med ca. 3 dl bringebærsaft. Legg gelatinplatene i bløyt i kaldt vatn. Ha safta i ein rein kjele saman med sukkeret og la det koke opp forsiktig til sukkeret har løyst seg opp. Trekk kjelen frå varmen og skum av om nødvendig. Deretter har du i gelatinen i safta og rører rundt. La gèleblandinga stå og kjøle seg ned litt før du heller den over ostekaka.

Dersom ostekaka har trukke seg litt frå kantane kan du bruke ein kniv og skjære forsiktig rundt kanten slik den løsnar frå springforma. Bruk gjerne kakefolie eller liknande rundt kaka slik at gèleblandinga ikkje renner for mykje ned på sidene. Når gèleblandinga er avkjølt nok heller du den forsiktig over den avkjølte ostekaka slik du får eit tynt lag med gèle over heile. Sett ostekaka forsiktig inn i kjøleskapet og la den stå til gèleen er heilt stiv, ca. 4 timar eller over natta.

Bruk ein skarp kniv og skjær rundt kanten for å løsne kaka frå forma og server kaka saman med masse ferske bringebær.

DSC00122

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*