Pain d`Epi

[dropcap]D[/dropcap]ette franske loffbrødet kan du sjå i dei fleste bakeria rundt om i Frankrike. Brødet er ein slags baguette av lyst hvetemel som er forma som ei grein med blad.

Brødet er fint å servere heilt på bordet slik at kvar enkelt kan bryte av ein del sjølv. Det passar utmerket som det er med litt smør på og saman med spekemat eller som tilbehør til middagsrettar og gryter.

DSC_0112

[recipe-foody]Ingrediensar til eit fransk brytebrød:

  • 350 g hvetemel
  • 150 g sikta rugmel
  • 10 g salt
  • 15 g fersk gjær
  • 320 g romtemperert vatn

[/recipe-foody]

Bland saman hvetemel, rugmel , salt og gjær i ein bolle og kna inn gjæren i melet. Tilsett vatnet og rør rundt med ein gaffel til du har fått ei passe fast deig som samlar seg i ein ball. Strø litt hvetemel på kjøkkenbenken og ha deiga ut av bollen. Form til ei pølse og rull og kna deiga frå deg med handflatene. Elt og kna deiga for hand i ca. 7-10 minutter så får du ei god økt samtidig. Du kan også elte deiga i maskin om du heller vil det, men det beste resultatet får du ved å gjere det for hand. Jobb godt med deiga slik du får jobba opp glutenet og får ei elastisk deig. For å sjekke om deiga er ferdig elta kan du dyppe ein finger i litt mel og trykke foriktig inn i deiga, og om deiga sprett ut igjen er den ferdig. Brett deiga under seg sjølv, form til ein ball og legg til heving i ein bakebolle med plastfolie over i ca. 1 time eller til dobbel størrelse.

Forvarm steikeovnen til 230 ºC. Strø hvetemel på kjøkkenbenken og hell ut deiga. Form deiga til ei avlang pølse utan å kna for mykje. Legg deiga diagonalt på eit bakepapirkledd steikebrett slik at den er like lang som brettet. Strø litt hvetemel på brødet og la det etterheve under eit kjøkkenhandklede til dobbel størrelse, ca. 45 minutter.

Bruk ei saks og klipp eit kutt i 45 graders vinkel for kvar 10 cm på brødet og vri kvart stykke ut til sidene annankvar vei. Kuttet skal gå nesten heilt igjennom deiga men la det vere igjen nok deig til at brødet heng saman i eit stykke. Sett brødet  inn i ovnen og skru ned temperaturen til 220 ºC og la det steike i 10 minutter. Deretter skrur du ned temperaturen til 200 ºC og lar brødet steike vidare i ca. 10-15 minutter til, til det er gyldent og sprøtt på utsida. Avkjøl på rist.

DSC_0121

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*