Panna cotta med blodappelsin-og pasjonsfruktsaus

[dropcap]D[/dropcap]enne desserten er den perfekte kombinasjon av søtt, syrleg og bittert. Den søte panna cottaen med vanilje smakar friskt saman med lett bitter smak frå appelsin og pasjonsfrukt og gjer at du får ein balansert dessert.

Denne desserten får eg berre ikkje nok av og den fløyelsmjuke konsistensen saman med kombinasjon av søte og friske smakar er heilt perfekt som dessert. Sjølve puddingen har god og søt smak frå vanilje, men blir frisk og lett saman med sitrusfrukt og eksotisk pasjonsfrukt. Desserten er lett å lage og kan gjerne lagast dagen før servering.

FCAsjdCaSAqD1NA7ZemgKQ_thumb_6816

[recipe-foody]Ingrediensar til panna cotta for ca. 4-5 personar:

  • 3 ½ dl fløte
  • 1 dl gresk yoghurt naturell
  • 3 plater gelatin
  • 1 dl sukker
  • ½ vaniljestong, frøa

Blodappelsin- og pasjonsfruktsaus:

  • 2-3 blodappelsin (2 dl saft)
  • 3 store pasjonsfrukt
  • 1 ss maizena + 1 ss vatn
  • 2 ts sukker

[/recipe-foody]

Legg i bløyt gelatinplatene i kaldt vatn. Del vaniljestonga i to på langs og skrap ut frøa. Ha fløte, sukker og vaniljestong-og frø i ein kjele. Gi det eit forsiktig oppkok under omrøring. Så snart det startar å boble tek du kjelen frå varmen og fjernar vaniljestonga. Klem vatnet ut av gelatinen og ha den over i den varme fløten. Rør godt rundt. Ha i yoghurten og bland det godt saman til du har fått ut alle klumpar. Fordel massen i 4-5 dessertglas. Sett i kjøleskap i minst 3-4 timar.

Klem ut all safta frå appelsinene og skrap ut frø og fruktkjøt frå pasjonsfrukta. Ha det i ein kjele og la det koke opp forsiktig. Bland maizena med kaldt vatn og ha det over i fruktsafta. La det koke inn litt til sausen tjuknar litt og blir litt seigare på konsistens. Smak til med sukker til du har fått ein passe syrleg smak. Avkjøl sausen før du fordeler over panna cottaen. Pynt gjerne desserten med nokre små appelsinbåtar på toppen og server!

 

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*