Panna Cotta med pasjonsfrukt

[dropcap]P[/dropcap]anna Cotta betyr “kokt fløte” og er ein italiensk dessertpudding som vanlegvis lagast med fløte, gelatin, vanilje og sukker.

I min variant har eg i gresk yoghurt som eg synest gir ein mykje friskare panna cotta og ein kremete og fyldig konsistens. Topping på desserten kan du variere alt etter ønske og kva utvalget i bær-og fruktdisken tilseier. Sjokolade, bærsirup, kjeks, fruktbitar, fruktpurè, nøtter, karamellsaus og bærcoulis er gode eksempel som fungerer flott saman med dessertpuddingen. Her har eg gjort det enkelt og hatt over safta frå pasjonsfrukt saman med litt hakka karamellisert kvit sjokolade.

DSC_0465

DSC_0479

[recipe-foody]Ingrediensar til ca. 4 porsjonsglas med Panna Cotta:

Panna Cotta:

  • 2 gelatinblad
  • 3 dl fløte
  • 1 dl sukker
  • 1 vaniljestang
  • 1 ½ dl gresk yoghurt (tjukk type, eg brukar Lindahls)

Topping:

  • 3-4 pasjonsfrukt
  • friske bær
  • sjokolade
  • kjeks

[/recipe-foody]

Legg gelatinen i bløt i kaldt vatn i ca. 5 minutter. Skrap frøa ut av vaniljestanga og ha både frø og stang i ein kjele saman med sukkeret og fløten. La dette koke opp medan du rører rundt litt innimellom. Trekk kjelen av varmen så snart blandinga kokar. Klem ut vatnet av gelatinen og ha den i den varme fløten og rør godt rundt slik den løyser seg opp. Ha så i den greske yoghurten og bland godt til alt er glatt og fritt for klumpar. Hell så over i serveringsglas/krukker og sett i kjøleskap i minimum 3-4 timar.

DSC_0474

Når panna cottaen har stivna og er klar for servering har du over ønska tilbehør og serverer den umiddelbart. Kremete, søt, syrleg og frisk dessert som er på mi toppliste over dessertar!♥

DSC_0472

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*