Påskebrød med egg

[dropcap]D[/dropcap]esse fletta småbrøda med egg er perfekte som frukost, lunsj eller turniste og kanskje ekstra fine no til påska. Rundstykka er halvgrove brød med solsikke, sesam og -linfrø som er forma som ei rund flette og stekte med eit egg i midten. Egget blir akkurat som hardkokte egg og gjer at du slår to floger i ein smekk.

Dersom du har lyst å lage rundstykka utan egg er det fritt for å eliminere vekk egga eller eventuelt at du slik som meg har egg på nokre få av dei som du kanskje kjem til å ete med ein gong. Resten av rundstykka er supre å fryse ned og bruke ved seinare anledningar. No i påska som vi et så mykje egg er det fint å kunne kombinere både brødmat og egg i eitt. Brøda smakar nydeleg saman med masse godt smør, ferske urtar og salt kjøtpålegg som for eks. spekeskinke.

DSC_0252

[recipe-foody]Ingrediensar til ca. 11-12 stk påskebrød med egg:

  • 450 g kveitemjøl
  • 300 g fullkornsmjøl
  • 50 g solsikkefrøkjerner
  • 50 g sesamfrø
  • 50 g linfrø
  • 12 g salt
  • 30 g ferskgjær
  • 5 dl vatn
  • 75 g smør, kaldt & i terningar
  • 11-12 egg, til steiking
  • 1 samanpiska egg, til pensling

[/recipe-foody]

Ha kveitemjøl, fullkornsmjøl, frø, salt og gjær i ein bakebolle og tilsett vatnet. Elt deiga på lav hastigheit i ei kjøkkenmaskin i ca. 10 minutter. Tilsett smøret og elt deiga vidare i 5-10 minutter til, til deiga er glatt og smidig og slepper bakebollen. Juster eventuelt med meir mjøl ved behov. Dekk bakebollen med plastfolie og la heve til dobbel størrelse, ca. 1- 1 ½ time.

Hell deiga ut på kjøkkenbenken og del den i ca. 11-12 emner. Del kvart emne i tre like store delar som du trillar ut til avlange pølser på ca. 20-25 cm. Flett saman dei tre pølsene til ei stram flette og fest godt saman i endane slik at du får ein rund sirkel med holrom i midten. Legg på bakepapirkledd steikebrett og gjenta prosessen med alle rundstykka. La etterheve i ca. 45-60 min.

Forvarm steikeovnen til 225 ºC. Pensle flettebrøda med samanpiska egg og legg eit egg ned i midten på kvart av brøda slik at det blir stekt saman med brødet. Steik midt i ovnen i ca. 15 minutter, til brøda er gyldne. Avkjøl på rist.

DSC_0223

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*