Påskeegg med marsipan & nougatcrunch

Egg i alle variantar og smakar høyrer påska til og det samme gjeld søtsaker til å fylle påskeegga med. Desse søte munnfullane med heimelaga marsipan, nougat, karamelliserte pistasjnøtter og sjokolade er nydelege og passar perfekt saman med ein kopp kaffe og ei god bok.

Marsipanegga er lettare å lage enn det kanskje ser ut til og er verdt alle dei små prosessane. Om du ikkje vil lage marsipanen sjølv må du sørge for å bruke ein type av god kvalitet som inneheld mykje mandlar for smaken si skyld. Så har du lyst på noko ekstra godt påskesnop og ei lita kosestund på kjøkkenet så er det berre å finne fram ingrediensar og sette i gong.

DSC_0123 2

Ingrediensar til 15 stk påskemarsipanegg:

Marsipan:

  • 150 g melis
  • 170 g mandelmjøl, av skolda mandlar
  • ca. 35 g eggekvite

Karamelliserte pistasjnøtter:

  • 50 g pistasjnøtter, grovhakka
  • 50 g sukker
  • ¾ ts havsalt
  • 100 g bløt nougat (Odense), romtemperert
  • 200 g mørk kokesjokolade
  • evt. litt lys kokesjokolade, til pynt

Start med å lage dei karamelliserte pistasjnøttene sidan dei må avkjølast før bruk. Ha sukkeret i ei tørr steikepanne over middels lav varme og la det smelte utan at du rører i det. Når sukkeret har fått ein lys gyldenbrun karamellfarge har du i dei grovhakka nøttene og rører godt rundt til alt er dekt av karamell. Strø over havsalt og bland det godt. Hell deretter nøttene over på eit steikebrett eller fat med litt bakepapir under og la dei avkjølast heilt til dei stivnar og blir harde.

Lag marsipan ved å blande saman melis og mandelmjøl i ein bolle. Tilsett mesteparten av eggekviten og rør rundt med ein gaffel. Juster med resten av eggekviten og kna saman til du har fått ein smidig og mjuk marsipan. Pakk inn i plastfolie og legg til avkjøling i kjøleskapet.

Finhakk dei karamelliserte nøttene til dei er i små bitar og legg til sides ca. halvparten av nøttene til pynt. Ha den andre halvparten av nøttene saman med nougaten og bland det saman til ei fast masse. Dersom nougaten er for hard kan du varme den forsiktig i mikrobølgeovnen i nokre sekund, slik den smeltar litt. Sett deretter nougat-og nøtteblandinga i kjøleskapet i nokre minutter til den stivnar litt igjen.

Del opp marsipanen i ca. 15 emner og trill til kuler som du trykker flate. Legg ein liten klatt med nougatfyll i midten av kvar kule og brett marsipanen rundt og trill til kuler igjen. Form dei litt avlange på eine sida slik det liknar på egg. Sett dei på eit fat og avkjøl i kjøleskapet medan du smeltar sjokolade.

Hakk opp den mørke kokesjokoladen og smelt ²⁄³ av sjokoladen forsiktig over vannbad på lav varme. Når sjokoladen er smelta har du i resten av den mørke sjokoladen og rører rundt litt til alt er smelta. No er sjokoladen klar til bruk. Ved hjelp av to gaflar kan du dyppe marsipanegga i sjokoladen til du får eit jamnt lag rundt og deretter sette på bakepapirkledd fat. Dersom du vil ha lys kokesjokolade til pynt på egga smeltar du den nokre sekund i gongen i ei lita skål i mikrobølgeovnen. Ha sjokoladen i ein liten sprøytepose og pynt med det mønsteret du vil over dei sjokoladedyppa marsipanegga. Bruk deretter resten av dei karamelliserte og hakka nøttene og strø over egga til pynt før sjokoladen er heilt stivna. La avkjøle heilt i kjøleskap til sjokoladen stivnar og blir hard. Deretter er det berre å nyte herlegheita saman med ein god kopp kaffe!

DSC_0128

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*