Påskemat

[dropcap]P[/dropcap]åske er tid for familiehygge, hyttekos og gode måltid med dei ein har rundt seg. For dei aller fleste inneheld påska både lammekjøt, suksessterte, egge-rettar, god gjærbakst og masse søtsaker. Her er det samla saman eit lite knippe med gode oppskrifter på rettar som passar perfekt til påskekosen.

Dei fleste er nok godt i gong med påskeferien og ein etterlengta ferie med ei god bok, ski-og hyttetur, påskekrim og god mat er realitet. Den klassiske lammesteika høyrer gjerne med hjå dei aller fleste i påska, og det er heller ikkje noko unntak med meg. I tillegg er det ei rekkje andre rettar som stort sett fylgjer med kvart einaste år. Her finn du iallfall mange forslag til måltid og rettar som passar til påskefeiring (lenke til oppskriftene finn du ved å trykke på tittelen).

PÅSKEBRØD MED EGG

DSC_0249

Nysteikte påskebrød til frukost eller lunsj blir ekstra kos med eit lite egg i midten og er stas for både store og små.

ELTEFRIE VALNØTTRUNDSTYKKER

DSC_0857

Eltefri baking er enkelt og utruleg godt. Rør saman deiga på få minutt kvelden før og få herleg nysteikt bakst til frukost.

HOT CROSS BUNS 

5UIhtUtQRlq5TW5pdeQFyw_thumb_6cfa

Hot cross buns er britiske søte kveitebollar med krydder og ofte sitrus og rosiner. Desse smakar av krydder og appelsin og inneheld sjokoladebitar.

URTESMØRLOFF 

nbqr07wfq7syv40gjuoq_thumb_6191

Eit luftig loffbrød med masse urter og smør passar perfekt saman med god spekemat og egg til ein lang familielunsj.

SURRA LAMMESTEIK, ERTEPURÈ MED MYNTE, HASSELBACKPOTETER OG RØDVINSSJY 

DSC_0389

Lammesteik med saftig og mørt kjøt som er dekt av eit parmesan-og urtelok er perfekt påskekos. Her er det servert med ein frisk og vårleg ertepurè, sprø hasselbackpoteter og ein nydeleg røvinssjy.

KYLLING-OG FOCACCIASANDWICH 

IHFYHk3GSqGQSjFv9A7veQ_thumb_6a83

Ein sandwich med urtekrydra og saftig kylling, urtemajones og avokado servert i godt focacciabrød utgjer ein ekstra god lunsj eller lett middag på rolige påskedagar der kosefaktoren er høg.

LAMMECARRÈ MED PARMESAN-OG URTEPANERING

fsz4dzsrrekpha1hvv4brw_thumb_6143

Lammecarrè er den perfekt rett å servere når du vil imponere gjestar med eit ekstra godt lammekjøtmåltid. Denne er servert saman med nydeleg blomkålpurè og pannesteikte eple-og potetbåtar.

QUICHE MED RØYKALAKS OG ASPARGES

DSC_0757

Ein frisk og vårleg quiche (terte) er fin som både forrett, lunsj eller turmat. Denne har smakar som røykalaks, asparges, vårløk, rosèpepar og er nydeleg å servere saman med grøn salat og vinaigrette.

KVIT BACALAO 

DSC_0569

Ein kvit bacalao med salt klippfisk, masse god fløte, chili og chorizopølse er nydeleg festmat og ypperleg å servere dersom ein er mange til bords.

HJORTEGRYTE

Kx%OAfa1TBOEPnH8bDBxLQ_thumb_6c09

Ei krema og smakfull hjortegryte treng knapt nokon introduksjon, dette er den ultimate gryta å kose seg med!

PÅSKEEGG MED MARSIPAN OG NOUGATCRUNCH 

DSC_0121 2

Påskeegg og marsipan kjem ein ikkje utenom i påska og desse med heimelaga marsipan og nougatknas i midten er rett og slett syndig gode!

LAKRISPAVLOVA MED PASJONSFRUKTCURD 

DSC_0118

Sprø marengs med smak av lakris, syrleg rømmekrem og pasjonsfruksaus blir ein lekker og frisk dessert som er flott å sjå på!

VERDENS BESTE OSTEKAKE

DSC_0428

Verdens beste ostekake, som er steikt ostekake med rømmelok og pasjonsfrukt, er så absolutt noko å kose seg med i påska!

SUKSESSTERTE MED PISTASJ  

IfhOgqtkScypkXeyRXTBZA_thumb_6d08

Nøttebotn med mandlar og pistasjnøtter og fyldig eggekrem på toppen er den perfekte påskekaka. Denne suksessen er ei av dei mest brukte kakene til påske og høyrer med i påskemenyen!

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*