Pepperkake-krydderblanding

[dropcap]E[/dropcap]in av dei få småkakene til jul eg absolutt ikkje klarer meg utan kvart år er pepperkaker. Eg er generelt glad i krydder og kan det kombinerast med søtsaker så blir det enda bedre. Pepperkakene er nok dei småkakene som dei aller fleste tenker på når det kjem til julebakst. Det høyrer liksom med og blir ikkje heilt jul utan!

Grunnen til at dei fleste likar pepperkaker er kanskje nettopp denne kombinasjonen av søtt og masse krydder og smak. Lukta av pepperkaker gir også julestemning og vekker barndomsminner hos dei fleste. No har det seg også slik at eg ikkje berre likar pepperkakene og alt du kan lage av pepperkakedeiga i seg sjølv, men eg likar å tilsette desse smakane og kryddera i det eg kan. Denne pepperkakekrydderblandinga kan du tilsette i kaker, søtsaker, gjærbakst, diverse fyll og varme drikkar. Er du glad i krydder og smak som meg så kjem nok denne blandinga godt til bruk i tida framover. Eg har sjølv baka ei formkake der eg har brukt dette krydderet i og oppskrifta på den dukkar opp ganske snart.

[recipe-foody]Ingrediensar til eit lite glas (ca. 200 ml) pepperkakekrydderblanding:

  • 25 g malt kanel
  • 15 g allehånde, malt
  • 15 g ingefærpulver
  • 15 g nellik, malt
  • 12 g muskatnøtt, malt
  • 5 g svart peppar, malt

[/recipe-foody]

Bland saman alle kryddera og oppbevar i tett krukke eller glas. Krydderet kan du tilsette i det du måtte ønske og manglar du inspirasjon til akkurat kva du kan lage med dette krydderet finn du masse av oppskrifter og tips på internett. Før du veit ordet av det vil det nok komme ei oppskrift eller to her også!♥

DSC_0569

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*