Pestobrødroser

[dropcap]S[/dropcap]måbrød som er rulla saman til små roser med grøn pesto og spekeskinke eller spekepølse. Desse brødrullane er perfekte som turniste eller saman med god salat.

Gjærbakst og pesto saman er nydeleg godt og gir saftige og smakfulle brød. Pestoen kan du enten lage sjølv eller kjøpe ein god type på butikken. Rullane er stekte i eit muffinsbrett som gir den fine fasongen og inneheld litt grovt mjøl slik dei får litt høgare fiberinnhald.

DSC_0647

[recipe-foody]Ingrediensar til ca. 10 stk pestobrødroser:

Gjærdeig:

  • 300 g fint kveitemjøl
  • 150 g fullkornskveitemjøl
  • 10 g tørrgjær
  • 1 ts sukker
  • 1 ts salt
  • 2 ss olivenolje
  • ca. 2 ½- 3 dl lunka vatn

Fyll:

  • grøn pesto (gjerne etter oppskrift her)
  • spekeskinke/spekepølse
  • reven parmesanost
  • evt. ferske urtar

[/recipe-foody]

Ha kveitemjøl, fullkornsmjøl, tørrgjær, sukker og salt i ein bolle og bland det saman. Tilsett olivenolje og mesteparten av vatnet. Bland saman alt og elt deiga godt i kjøkkenmaskin i ca. 5-10 minutter. Tilsett eventuelt resten av vatnet etter behov. Deiga er ferdig elta når den er glatt og smidig og slepp bakebollen. Form deiga til ein ball og smør inn bakebollen med litt olivenolje. Legg deiga i bollen, dekk med plasfolie og la heve til dobbel størrelse på ein lun stad, dette kan ta alt ifrå 1-3 timar.

Når deiga er ferdig heva kjevlar du den ut til ein firkant på ca. 40 cm × 30 cm. Skjær firkanten i ca. 3-4 cm tjukke strimlar på kortsida slik at du får 10 omtrent like store strimlar. Smør eit godt lag med pesto på kvar av strimlane og legg spekeskinke eller spekepølse langs heile strimmelen slik at den stikk ut ca. 1-2 cm frå deiga og rull saman slik du får ein brødsnurr der spekeskinka ser ut som roseblader. Del gjerne spekeskinkeskivene i to om det trengs for å få det til å passe til deiga. Gjenta dette med alle deigstrimlane. Smør eit muffinsbrett med olivenolje og plasser brødsnurrane godt nedi hola på forma og dra forsiktig på plass slik dei får ein fin fasong. Dekk brettet med eit kjøkkenhandklede og la etterheve i ca. 45-60 minutter, til ca. dobbel størrelse.

Forvarm steikeovnen til 200 ºC. Strø reven parmesan over kvar av pestobrødrosene og gjerne litt ferske urter om du vil. Sett brettet på ei rist midt i ovnen og la steike i ca. 20-25 minutter, til brøda er gyldne på toppen og spekeskinka er sprø. Avkjøl på rist og server med salat eller nyt som dei er.

DSC_0639

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*