Pistasjesnurrar med sjokolade

[dropcap]S[/dropcap]øndag betyr for min del avslapping og baking, og noko av det beste er nybakte bollar. Idag falt smaksvalget på to av mine favorittar, nemleg pistasjenøtter og sjokolade.

Eg har prøvd mange forskjellige oppskrifter, men den eg alltid endar opp med å leite fram igjen er grunnoppskrifta på hvetebollar frå Morten Schakenda og bakeriet i Lom. Desse bollane er rike på smak og er laga med ekte råvarer. Her snakkar vi både heilmelk og meierismør, som gir det gode resultatet. Det er også ganske mykje kardemomme i denne oppskrifta, som etter mi meining sett ein god smak.

[recipe-foody]Ingrediensar til grunnoppskrift hveteboller:

  • 1 kg hvetemel
  • 0,5 l h-melk
  • 150 g sukker
  • 15 g salt
  • 15 g malt kardemomme
  • 1 stort egg
  • 50 g fersk gjær
  • 150 g smør i terninger

[/recipe-foody]

Ha alle ingrediensane unntatt smøret i ein eltebolle, og elt deiga i ca. 15 min på sakte fart til deiga er glatt og smidig. Ha så i smørterningane og elt i nye 15 min. Når smøret er godt elta inn i deiga, sett den til heving i ca 1,5 time eller til dobbel størrelse.

Imens deiga hevar kan du lage fyllet til pistasjesnurrane. Her har eg brukt eit slags pistasjesmørpålegg som smakar nydeleg både i gjærbakst, som pålegg, fyll i franske makronar, konfekt og dessertar.

[recipe-foody]Ingrediensar til ein porsjon pistasjepaste:

  • 250 g usalta pistasjenøtter
  • 60 g mandlar eller mandelmel
  • 120 g sukker
  • 40 g vatn
  • 1-2 ss solsikkeolje
  • 1 ts vaniljesukker

Alternativt fyll:

  • 100 g finhakka mørk sjokolade
  • perlesukker til strø på toppen før steiking

[/recipe-foody]

Ha pistasjenøttene og mandlane (om du bruker heile) i ei lita langpanne i steikeovnen og rist dei på 150 grader i ca 10-12 min. Imens lagar du sukkersirup. Ha sukkeret og vatnet i ei kokepanne og la det koke opp, la det så stå og småputre på middels lav varme til det blir ein slags sirupkonsistens på massen (ca. 120 grader om du har termometer). Ta så nøttene ut av ovnen og ha over i sukkersirupen når den er klar. Rør godt rundt i blandinga slik alle nøttene er dekte og til massen krystalliserer seg.

Deretter har du nøtteblandinga over i ein foodprocessor med knivblad og kjører til nøttene har blitt til pulver. Ha så i litt av oljen og kjør blandinga heilt til den blir varm og fettet frå nøttene kjem ut og det blir eit slags nøttesmør. Dette kan ta ca. 15-20 min, alt etter kor kraftig kjøkkenmaskin du bruker. Ha så i vaniljesukkeret og evt meir olje og bland godt. Når pistasjepasten er ferdig skal den være som ein glatt og smørbar masse.

1425834920706

Når deiga er ferdig heva, strø mel på benken og kjevle ut deiga til eit rektangel på ca. 40 cm x 50 cm. Smør over pistasjepasten i eit tynt lag over heile deiga. Strø så sjokoladen jevnt utover og trykk lett nedi deiga. Brett så ein tredjedel av deiga inn mot midten på langsida, og brett den siste delen over den doble delen. No har du tre lag. Kjevle ut dette slik at får ein leiv på ca 30 cm x 50-60 cm. Del deiga i ca. 16 strimlar på tvers og tvinn kvar strimmel og knyt den sammen til ein knute.

IMAG0299

Sett så snurrane på steikebrett med bakepapir og la etterheve i ca. 45-60 min. Pensle så med sammenvispa egg og strø med sukker. Steik snurrane på 175-180 grader i ca. 20 min.

DSC_0557

Desse snurrane blir ganske store, så her mettar det lenge med berre ein. Perfekte til ein kopp kaffe eller som niste på tur. Nyt!

2 Kommentarar

  1. Hei. Lurer på om du kjøper pistasjnøtter på matbutikken eller ein annan plass? har sett at ofte die nøttene ein kjøpe på butikken, så er enkelte av nøttene brune, men eg vil ha grøne.

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*