[dropcap]N[/dropcap]år ein er så glad i italiensk pizza som eg er, så må ein stadig eksperimentere med nye smakar og fyll. Denne gongen blei det ein svært “vaksen” pizza med ferske fiken, camembert, spekeskinke og karamellisert løk. Om det blei godt? Ja, gjett om!
Ferske fiken jublar eg over kvar gong dei kjem i butikken, og no var det sesong for det igjen. Sjølv om dei ikkje smakar like mykje som dei ein får i sydlegare strøk så er det utruleg godt. Spesielt godt er det med fiken og god ost. Eg finnest ikkje redd for å prøve nye smakar og kombinasjonar, og med dette så kjem pizza-oppskriftene i fleng. Med både fiken, fyldig ost og karamellisert løk blei det ganske søt smak på denne pizzaen. Derfor passar den salte spekeskinka perfekt saman med resten og gir pizzaen ekstra god smak.
[recipe-foody]Ingrediensar til 2 stk pizza:
Pizzadeig:
- 275 g durumkveite
- 15 g fersk gjær
- 5 g salt
- 25 g olivenolje
- 160 g vatn
Karamellisert løk:
- 1 gul løk
- 1 ss smør + 1 ss olivenolje
- 2 ts sukker
- 2 ss balsamicoeddik
- 1 klype salt
- 1 ss vatn
Fyll:
- 2-3 stk ferske fiken
- 120 g camembert
- 1 neve kvitost, riven (valfri type)
- 4-6 skiver spekeskinke
- rucculasalat, til servering
- riven parmesan, til servering
- balsamico-glaze (konsentrert balsamico med tjukk konsistens)
- nykverna pepar
[/recipe-foody]
Bland saman alle ingrediensane til pizzadeiga og elt godt i maskin i ca. 10 minutt. Juster eventuelt med meir vatn eller kveitemjøl. Når deiga er glatt og smidig formar du den rund og legg den til heving i ein bakebolle med plastfolie. Lat heve til dobbel storleik, ca. 1- 1 ½ time.
Kutt løken i tynne strimlar og ha i ein kjele saman med smør og olje. La løken surre på lav varme til den blir mjuk og blank og byrjar å få gylden farge. Dette tek ca. 10 minutters tid. Ha i sukker og lat det surre vidare nokre minutt ekstra slik det blir klissete. Ha i balsamico, salt og eddik og lat det steike vidare 1 minutt til. Ta kjelen av varmen.
Forvarm ein pizza-bakestein eller eit steikebrett i steikeomn på 240 ºC. Del den ferdigheva pizzadeiga i to emne. Strø litt mjøl på benken og trykk forsiktig ut emna til ovale sirklar. Bruk fingertuppane og strekk og form deiga uten å trykke ut all lufta, heilt til du får ein passe tynn botn på ca. ½ cm tjukkelse. Fordel løken utover botnane og smør det utover. Strø eit lite lag med riven kvitost oppå der igjen. Skjær camembert i skiver og fordel på botnane. Skjær fiken i tynne båtar og legg dei litt rundt omkring på botnane. Riv spekeskinke i mindre bitar og fordel utover før du til slutt strør over litt nykverna pepar på toppen. Flytt pizzaen over på glovarm pizzastein og steik midt i omnen under grillfunksjon i ca. 8-10 minutt, til pizzaen er gylden i kantane og osten er smelta. Riv over parmesan og server saman med ruccula og balsamico-glaze.