Pizzabollar

[dropcap]E[/dropcap]in god pizzabolle med godt fyll og sprø botn er fin kveldskos, helgemat eller turmat. Pizzabollane har eit smakfullt fyll med kjøtdeig og god tomatsaus, nydeleg spekepølse, masse sprøstekt ost og luftig botn med sprø skorpe på undersida.

Pizzabollane er supre å fryse ned og ta opp ein og ein når svolten kjem og ein må ha noko raskt. Fyllet kan du variere etter eige ønske og kjøkkenskapsinnhald. Her har eg toppa kjøtdeig-og tomatsausen med nydeleg god spekepølse frå Tind, som blir sprø og gir ein nydeleg aroma under steiking. På toppen har eg brukt opp osterestar frå kjøleskapet, som denne gongen blei Jarlsberg, gouda og parmesan. Pizzabollane har eg stekt på steikebrett utan bakepapir som er smurt inn med olivenolje. Dette gjer at du får ein sprø og knasande botn som er luftig og fin inni.

DSC_0689

DSC_0707

[recipe-foody]Ingrediensar til 16-18 stk pizzabollar:

Pizzabolledeig:

  • 5 dl lunka vatn
  • 2 dl lunka lettmjølk
  • 25 g ferskgjær
  • 3 ss olivenolje
  • ca. 800-900 g kveitemjøl
  • 200 g fullkornsmjøl
  • 1 ts salt

Kjøtdeig-og tomatsaus:

  • 400 g kjøtdeig av storfe
  • 2 fedd kvitløk, knust
  • 3 store sjalottløk, finhakka
  • 1 ss tørka oregano
  • 1 ss tørka basilikum
  • 2 ss tomatpurè
  • 1 dl kyllingkraft
  • 500 g hermetisert tomat (bruk ein av god kvalitet, sjølv brukar eg Mutti eller Polpa)
  • 1 lita ts sukker
  • fersk timian
  • salt & peppar

Topping:

  • Tind spekepølse med sydlandske urtar, i skiver
  • fersk timian
  • reven ost (parmesan, kvitost, gouda etc.)

[/recipe-foody]

Ha vatn og mjølk i ein bakebolle og rør ut gjæren. Tilsett olivenolje, mesteparten av kveitemjølet (men hald igjen på litt av det), fullkornsmjøl og salt og elt deiga godt i kjøkkenmaskin i ca. 10 minutter. Juster med meir kveitemjøl etterkvart til du får ei glatt og smidig deig som slepper bakebollen. Ha deiga ut på kjøkkenbenken og kna den litt og form til ein ball. Legg tilbake i bakebollen og dekk med plastfolie. La heve til dobbel størrelse, ca. 1 ½ time.

Medan deiga hevar kan du lage kjøtdeig-og tomatsausen. Varm opp ei steikepanne og ha i litt olivenolje. Steik kjøtdeiga på høg varme til den blir godt bruna og får steikeskorpe. Skru deretter ned varmen og ha i kvitløk og sjalottløk og la det surre til løken blir mjuk. Ha i oregano, basilikum og tomatpurè og la det surre med i eit par minutter til. Deretter har du i kyllingkraft, tomat og sukker. Rør godt rundt og la det stå å småputre i ca. 10 minutter. Når sausen har kokt inn litt har du i timian og smakar til med salt og peppar. La det stå nokre minutter til og sett deretter til sides.

Hell den ferdigheva deiga ut på kjøkkenbenken. Dersom den er klissete kan du strø på litt meir kveitemjøl. Del opp deiga i ca. 16-18 emner og form dei forsiktig til runde bollar som du trykker flate. Smør to steikebrett med eit tynt lag olivenolje og sett bollane utover med litt avstand mellom kvar og la etterheve under kjøkkenhandklede i ca. 45 minutter.

Forvarm steikeovnen til 230 ºC. Lag ei lita fordjupning i kvar pizzabolle og fordel ca. 2 ss med kjøtdeig-og tomatsaus utover kvar av dei. Legg på eit par skiver spekepølse og litt fersk timian på kvar bolle og topp deretter med ein raus porsjon reven ost. Sett midt i ovnen og la steike i ca. 15-20 minutter, til pizzabollane har fått ein gylden farge og er sprø på utsida og osten er godt smelta. Avkjøl på rist ei lita stund før du kan nyte ein bolle eller to!

DSC_0701

 

2 Kommentarar

  1. Kjempefin blogg! Inspirerende bilder og helt nydelig mat!

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*