Potetlefser

[dropcap]S[/dropcap]aftige og mjuke potetlefser er perfekte å bruke som tilbehør til spekemat, lutefisk eller til å fylle med ulike typar middagar. Her har heimelaga potetlomper og potetlefser også blitt brukt som lefse til tacoen med stor begeistring. Så har du lyst på god bakst til alle koldtbord og julemåltid i den komande tida og ellers i året så er dette verdt å ta seg tid til å lage.

Potetlefser er ein kombinasjon av lefser og potetlomper (potetkaker) og blir laga på same måte. Det som skil desse frå potetlomper er at dei inneheld ein del meir mjøl i deiga, i tillegg til litt ekstra ingrediensar og dei er også ein god del større. Noko av det beste eg veit å servere desse saman med er fisk (gjerne lutefisk), sennep og erter. Du kan også fylle dei med søtt pålegg som sirup, smør og sukker eller sjokoladepålegg om du ønskar det, så har du eit godt kosemåltid.

For å lage potetlefser treng du ei steiketakke, bakstefløy (steikepinne) og ei ruta kjevle. Lefsene legg eg i ein stabel mellom to kjøkenhandklede slik dei held seg mjuke og fuktige medan eg jobbar, og frys deretter ned i porsjonspakkar til seinare bruk. Då har du ferske potetlefser som tiner på kort tid og er klare til bruk når du treng dei. Det går relativt kjapt å lage potetlefsene og det heile er gjort på ein time eller to dersom du er passe driven med kjevlinga. Det einaste du må hugse på er at potetene bør kokast dagen før du skal lage dei.

bdlop65ntasnbuvw3j95ga_thumb_656d

[recipe-foody]Ingrediensar til ca. 15 stk store potetlefser:

  • 1 kg poteter (eg brukte Beate)
  • 2 dl kulturmjølk
  • ½ dl fløte
  • 150 g sikta byggmjøl
  • 150 g kveitemjøl + ekstra til utbaking

[/recipe-foody]

Dagen før du skal lage potetlefser kokar du potetene med skalet på til dei er møre. Avkjøl og la dei stå over natta.

Skrell potetene og mos dei godt ved hjelp av ei potetstappe eller kjør dei gjennom kjøtkverna. Ha i kulturmjølk, fløte og mjølet og bland godt saman til du har fått ei jamn, glatt og smidig deig. Juster eventuelt med meir kveitemjøl om deiga framleis er veldig klissete. Deiga skal vere saftig og fuktig, så pass på at den ikkje blir for kompakt og tørr, for då blir også lefsene det.

dmpn5l5gsmtimwg5vfyma_thumb_654b

0aekynqmtwwcntwpevg_thumb_654e

Del deiga opp i emner på ca. 100 g og trill dei runde. Bruk rikeleg med mjøl både på og under deigemna og kjevle ut til store runde leivar på ca. 35 cm i diameter på eit egna bakeunderlag. Steik potetlefsene raskt på relativt høg varme på takka til dei får brune flekkar, snu og steik raskt på andre sida. Legg potetlefsene oppå kvarandre i ein stabel og dekk med eit kjøkenhandklede. Brett saman lefsene i trekantar og frys ned i porsjonspakkar.

mrk5lykwrecpxj10lgdsqw_thumb_6552

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*