Purre- & blåmuggosteterte

[dropcap]D[/dropcap]å dei norske purreløkane låg der store og fine og freista på butikken måtte eg berre kjøpe ein bunt og finne på noko godt å lage av dei. Purre- og blåmuggosteterta blei svært saftig og aromatisk og er ein fin måte å bruke den gode råvara på.

Purreløk er den mildaste typen løk vi har og gir god smak til både supper, gryter, kraft og som garnityr i diverse måltid. I denne terta kjem den gode smaken frå purre godt fram ved sidan av den litt skarpare smaken frå blåmuggost. Når du steikar purre får det fram sødmen og gir ein mild og fin smak. Terta er super å servere som den er eller også med ein enkel grøn salat. I tillegg smakar terta godt både varm og kald og er derfor også fin å servere som ein rett på eit koldtbord.

lrvbgspeqtuev0zij36p1q_thumb_5f23

[recipe-foody]Ingrediensar til purre-& blåmuggosteterte til ca. 6-8 personar:

Tertedeig:

  • 220 g kveitemjøl
  • 1 klype salt
  • 150 g meierismør, kaldt & i terningar
  • 1 eggeplomme
  • 2-3 ts kaldt vatn

Purre-& blåmuggostfyll:

  • 1 purre (ca. 350-400 g)
  • 120 g blåmuggost (for eks. Sancy Bleu d`Auvergne)
  • 3 egg
  • 1 dl fløte
  • 1 dl heilmjølk
  • 1 ss tørka grasløk
  • fersk timian, finhakka
  • salt & peppar
  • smør, til steiking

[/recipe-foody]

Fyrst må du lage klar tertedeiga. Bland saman kveitemjøl og salt og kna i det kalde smøret til du får ei kornete blanding. Bruk ein gaffel og rør inn eggeplomme og vatn til du får ei samanhengande og fast deig. Viktig at du ikkje jobbar for mykje med deiga her. Form deiga til ein rund ball og trykk den flat slik det blir lettare å kjevle seinare. Pakk inn i plastfolie og legg i kjøleskap i ca. 30 minutter.

Forvarm steikeovnen til 180 ºC. Kjevle ut deiga til den passar til ei terteform med laus botn på 24 cm. Trykk forsiktig deiga ut i forma og la den komme godt opp i kantane då den vil krympe litt under steiking. Prikk deiga med ein gaffel og sett forma i kjøleskapet i ca. 10-15 minutter (dette er for at den skal halde forma bedre under steiking). Sett terteforma på ei rist midt i steikeovnen og blindsteik (dekk med bakepapir og fyll med tørka erter) botnen i ca. 12-15 minutter. Avkjøl botnen litt medan du lagar fyllet.

Skru ned temperaturen på steikeovnen til 160 ºC. Varm opp ei steikepanne og ha i litt smør. Skjær purre i tynne strimlar og steik den på lav varme til den blir mjuk og blank. Fordel den steikte purren utover tertebotnen. I ei skål blandar du saman egga, fløten, mjølka, grasløk og fersk timian. Smak til med salt og peppar. Hell egg-og fløteblandinga over purren i tertebotnen. Fordel blåmuggosten i små klattar og legg utover i terta. Sett terta midt i steikeovnen og la steike i ca. 30-35 minutt, til fyllet har stivna og terta er blitt gylden på overflata. Server lunken saman med salat eller rett og slett berre slik den er.

sy8txy10qsisv8jaipvcg_thumb_5f2b

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*