[dropcap]E[/dropcap]i terte med godt fyll er enkel mat å lage og fungerer som både lunsj-måltid, middag eller del av eit koldtbord. Denne har fått klassiske smakar av pesto, spekeskinke, tomat og løk og er perfekt sommarmat saman med ein grøn salat.
Deig til terta bør lagast litt på førehand sidan den må avkjølast litt før bruk og er super å gjere klar også dagen før slik du slepp alt arbeidet på ein gong. Lagar du den dagen før bør du berre hugse på å ta den ut av kjøleskapet i god tid slik den ikkje blir umogleg å kjevle ut. Lagar du den rett før bruk treng den derimot ein halvtime i kjøleskapet før bruk. Fyllet til terta varierer du enkelt sjølv ved å bytte ut grønsaker eller kjøt etter eige ønske.
[recipe-foody]Ingrediensar for ca. 5-6 personar:
Tertedeig:
- 220 g kveitemjøl
- 1 klype salt
- 150 g meierismør, kaldt & i terningar
- 1 eggeplomme
- 2-3 ts kaldt vatn
Tertefyll:
- 3 egg
- 1 dl matfløte
- 1 dl lettmjølk
- 2 toppa ss raud pesto
- 1 ss fersk basilikum
- ½ rødløk
- 120 g cherrytomat
- 50-60 g spekeskinke
- 80-100 g riven ost (gjerne cheddar eller liknande)
- finriven parmesan
- salt & pepar
Vinaigrette-dressing:
- 1 ¼ dl rapsolje
- ½ dl rødvinseddik
- ½ dl akasiehonning
- 2 ss Dijon-sennep
- 1 ss fersk basilikum, finhakka
- sitronsaft
- salt & pepar
[/recipe-foody]
Fyrst må du lage klar tertedeiga. Bland saman kveitemjøl og salt og kna i det kalde smøret til du får ei kornete blanding. Bruk ein gaffel og rør inn eggeplomme og vatn til du får ei samanhengande og fast deig. Viktig at du ikkje jobbar for mykje med deiga her. Form deiga til ein rund ball og trykk den flat slik det blir lettare å kjevle seinare. Pakk inn i plastfolie og legg i kjøleskap i ca. 30 minutt.
Forvarm steikeomnen til 180 ºC. Kjevle ut deiga til den passar til ei terteform med laus botn på 24 cm. Trykk forsiktig deiga ut i forma og la den komme godt opp i kantane då den vil krympe litt under steiking. Prikk deiga med ein gaffel og sett forma i kjøleskapet i ca. 10-15 minutt (dette er for at den skal halde forma betre under steiking, men kan sløyfast). Set terteforma på ei rist midt i steikeomnen og forsteik botnen i ca. 12 minutt. Avkjøl botnen litt medan du lagar fyllet.
Ha egga i ein bolle og pisk inn fløte, mjølk og pesto til det er blanda saman. Ha i basilikum og krydre godt med salt og pepar. Hell blandinga over i den avkjølte terteforma. Skjær opp rødløken i tynne båtar og del cherrytomat i to. Fordel det utover på toppen i terta. Krøll saman spekeskinke-skivene og plasser dei rundt om i terta. Strø riven ost over toppen av heile terta og dryss til slutt litt parmesan over. Set tilbake midt i omnen og steik på 180 ºC i ca. 30 minutt, til terta er gylden i kantane og osten er smelta og sprø.
Lag vinaigrette-dressingen ved å blande alle ingrediensane i eit glas med lok og rist det godt slik alt blandar seg saman. Juster med sitronsaft, salt og pepar til passe smak. Server terta lun og varm med grøn salat og dressingen ved sidan av.