Ravioli med sopp

Heimelaga pasta er noko av det beste eg får, og er den i tillegg med fyll av skogens gull blir det enda betre. Denne raviolien er fylt med eit krema kantarell-og champignonfyll som smakar nydeleg.

Dersom du spør meg er hausten tida for mange gode rettar med sopp og då spesielt kantarell. Ved å bruke sopp som fyll får du enkelt ein svært smakfull pasta som passar like godt til forrett som hovudrett. Det å lage sin eigen pasta frå botnen av er heller ikkje avansert og tek kanskje mindre tid enn du trur. Server retten gjerne med ein god buljong eller med ein mild fløytesaus og sprøsteikt bacon om du ønskjer.

JfjMtq8JSWKUwRKhXXGlMg_thumb_76ae

[recipe-foody]Ingrediensar:

Pasta:

  • 300 g durum kveitemjøl
  • 3 store egg

Sopp-fyll:

  • 100 g kantarell
  • 100 g champignon
  • 1 sjalottløk
  • 1 stort fedd kvitløk
  • 40 g parmesan, riven
  • 100 g seterrømme
  • 1 ts tørka timian
  • nokre dråpar sitron
  • salt & grovmalt pepar

Til servering:

  • ca. 1 liter god buljong eller kyllingfond
  • smørsteikt kantarell
  • fersk timian
  • parmesan

[/recipe-foody]

Hell mjølet ut på kjøkenbenken i ein stor haug. Lag ei fordjuping midt i mjølet slik kantane rundt dannar ei grop. Ha egga i midten. Bruk gaffel eller fingrane til å røre rundt i egga samtidig som du dreg med deg litt og litt av mjølet inn i egga. Hald fram slik til du til slutt har fått ei ganske fast deig. Kna saman deiga til den blir smidig og glatt utan å klistre for mykje. Pakk den inn i plastfolie og legg klar i kjøleskapet i ca. 30 minutt før bruk. Dette kan du gjerne gjere klart dagen i forveien om du vil.

Medan pastadeiga kviler lagar du sopp-fyllet. Del soppen i skiver og steik i litt olivenolje i ei panne på middels varme. Finhakk sjalottløk og kvitløk og ha det i panna. Lat surre til løken er mjuk og blank og soppen er gylden. Ha over i ein stavmiksar eller foodprocessor og kjør til du får ei finhakka masse. Ha i parmesan, seterrømme og timian og kjør til ein tjukk purè. Smak til med nokre dråpar sitron, salt og pepar. Avkjøl litt.

VrM8pQNjRYSFlCtPXggwLA_thumb_76ad

Del opp pastadeiga i 3-4 emne og trykk dei lett flate. Bruk pastamaskin eller kjevle og lag breie og tynne remser som er ca. 5 cm breie og eit par mm tjukke. Legg på 1 ts med sopp-fyll for sånn ca. kvar femte cm bortover. Bruk fingrane og stryk over litt vatn rundt kvar klatt med fyll. Legg ei ny pastaremse oppå den med fyllet og trykk dei to godt saman slik fyllet blir forsegla inni. Bruk ei kaketrinse eller kniv til å kutte opp i passe firkantar med ein klatt fyll i kvar. Du kan også bruke ein kakeutstikkar og lage runde pastaplater som du fyller om du heller vil det. Legg dei ferdige ravioliane på eit fat med rikeleg av mjøl mellom slik dei ikkje klistrar saman.

Kok opp buljong eller fond i ein kjele. Set også på ein stor kjele med lettsalta vatn og kok opp. I det vatnet kokar har du forsiktig i ravioli og let dei koke i ca. 3-4 minutt, eller til dei er al dente. Server ravioli i skål med ein porsjon buljong over og topp med kantarell, timian og parmesan.

2 Kommentarar

  1. Oi! Det så utrolig deilig ut!

Legg att eit svar til Simon Avbryt

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*