[dropcap]R[/dropcap]ødbetsalat er godt tilbehør som smakar nydeleg saman med leverpostei, patè og roastbeef på brød eller saman med spekemat i potetlomper og liknande.
Rødbetsalat er utruleg enkelt å lage sjølv og smakar friskt og godt som pålegg. Dei fleste har smakt sylta rødbete på glas frå butikken, men eg vil anbefale at du prøvar å koke ferske rødbeter sjølv. Smaken er jordaktig og litt søtleg og dei er i tillegg veldig sunne med godt innhald av kostfiber og B-vitamin. I denne salaten har eg også brukt friskt og søtt eple frå Noreg og rødløk som gir ein litt skarp smak til det heile. Rødbetsalat er også fint tilbehør til flatbrød og spekemat til julehøgtida, så det er kanskje noko å tenke på til jula i år?
[recipe-foody]Ingrediensar til ein stor porsjon med rødbetsalat:
- 2 ferske rødbeter (ca. 200 g pr stk.)
- 1 raudt eple, gjerne av typen Discovery
- ½ liten rødløk
- 1 dl gresk yoghurt
- 1 dl majones
- nokre dråpar sitron
- grasløk, finhakka
- salt & peppar
[/recipe-foody]
Kok rødbetene med skalet på til dei er møre og du kan stikke ein skarp kniv gjennom uten for stor motstand. Å koke med skalet på er det beste slik at ikkje fargen kokar ut i kokevatnet. Avkjøl rødbetene heilt etter koking.
Skrell rødbetene og skjær dei i små terningar. Skrell eplet og skjær i terningar på størrelse med rødbetterningane. Rødløken finhakkar du i så små terningar som du klarer. Bland saman alt i ei stor skål. Ha i gresk yoghurt og majones og rør rundt til du får ein skarp rosa farge på blandinga. Ha i nokre dråpar med sitronjuice og ein del finhakka grasløk. Smak deretter til med salt og peppar. Bland godt og så er rødbetsalaten klar til bruk. Server gjerne i lomper saman med fenalår eller roastbeef eller som tilbehør på brødskive med leverpostei. Enkelt, sunt og godt!