Rosmarin-og havsaltkjeks

[dropcap]K[/dropcap]jeks og ost er ein fin ting. Desse halvgrove kjeksa med smak av rosmarin og havsalt er supre saman med gode ostar og søtt syltetøy.

Noko som alltid er suksess når du får gjestar og treng lett snacks er ost og kjeks. Vil du imponere ekstra kan du lage heimelaga kjeks og servere saman med ost, syltetøy og frisk frukt. Desse kjeksa med smak av middelhavet er nydelege til frisk eplegelè og skarpe franske ostar.

[recipe-foody]Ingrediensar til ca. 12 stk kjeks med rosmarin & havsalt:

  • 1 ½ dl hvetemel
  • 1 dl fullkornsmel
  • 1 ts bakepulver
  • 1 klype salt
  • 2 ts tørka rosmarin
  • 2 ss parmesanost, finreven
  • 0,6 dl olivenolje
  • 4-5 ss vatn
  • frisk rosmarin
  • maldonsalt

[/recipe-foody]

Forvarm steikeovnen til 190 ºC. Bland saman mel, bakepulver, salt, rosmarin og parmesan. Tilsett olivenolje og nesten alt vatnet og kna sammen deiga. Juster med meir vatn om det trengs til du har ei glatt og samanhengande deig. Strø litt hvetemel på kjøkkenbenken og kjevle ut deiga til ein leiv som er ca. 3-5 mm tjukk. Bruk ein kjeksutstikkar eller eit glas og trykk ut runde kjeks og legg på bakepapirkledt steikebrett. Strø litt frisk rosmarin og maldonsalt over kjeksa. Steik kjeksa midt i steikeovnen i ca. 12-14 minutter. Dei er ferdige når dei er sprø og lett gyldne i kanten. Om dei har fått farge men ikkje er sprø nok kan du la dei stå i ovnen på ettervarmen med ovnsdøra open og la dei tørke ut. Avkjøl på rist.

Server kjeksa med gode ostar og syltetøy og kos deg!

DSC_0140

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*