[dropcap]H[/dropcap]erleg og smakfull rett med røstikake laga av poteter og sellerirot, epledressing og ei god skive røykalaks på toppen. Retten passar som ein liten middag, lunsj eller forrett alt etter kor store du lagar røstipotetkakene.
Røstipoteter kan varierast med ulike rotgrønsaker og krydder og kan brukast både som tilbehør eller lagast som ei stor “kake”. Når du har lyst på ein liten rett som skal vere rask å lage og ikkje så alt for stor og mettande er denne eit flott alternativ. Eg laga røstipotetkakene ganske store og tjukke, men har du lyst på enda tynnare og meir gjennomsprø røsti kan du dele opp i enda fleire klattar.
[recipe-foody]Ingrediensar til ca. 6-8 mellomstore røstipotetkaker med røykalaks & epledressing:
- 150-200 g røykalaks, i tynne fine skiver
- rucculasalat
- fersk basilikum
- sitron
Røstipotetkaker:
- 200 g sellerirot
- 300 g poteter
- 1 sjalottløk
- 2 egg
- 3 ss hvetemel
- 2 ss fersk basilikum
- 2 ss gressløk
- salt & peppar
Epledressing:
- 3 ss majones
- 4 ss rømme/kesam
- 1 ss pepperrotsennep
- ½ eple, grovrevet
- 1 ss tørka persille
- sitronsaft
- salt & peppar
[/recipe-foody]
Skrell sellerirot og poteter og riv både dei og sjalottløken grovt på eit rivjern. Trykk ut litt av safta frå potetene. Legg alt i ein bolle og bland inn egg, hvetemel, urter og krydre godt med salt og peppar. Legg blandinga i små klattar i ei steikepanne på medium høg varme med litt olivenolje i. Steik røstipotetkakene til dei har fått ei sprø og brungylden skorpe og er gjennomstekte.
Bland saman alle ingrediensane til epledressingen i ei skål og smak til med salt, peppar og sitronsafta. Server dei nystekte og sprø røstipotetkakene med rucculasalat, ein klatt med epledressingen og ei skive røykalaks. Topp gjerne med litt ekstra basilikum og skvis over litt fersk sitronsaft og ha nykverna peppar over.
Ein perfekt liten lunsjrett som mettar sånn passe godt og smakar fortreffeleg!