Saftig langpanne-focaccia

[dropcap]J[/dropcap]akta på den perfekte focaccia har endeleg slutta med denne saftige langpanne-utgåva. Focaccia er stort sett alltid vellukka og smakfullt, men det er ikkje før no eg har blitt heilt fornøgd med resultatet.

Deiga er enkel å setje og brødet lagar seg så og seie sjølv. Smak og fyll kan du også variere slik du sjølv ønsker og etter kva rett du skal servere brødet til.

cEehi3czQ26EKtbrQh%+KA_thumb_739d

[recipe-foody]Ingrediensar til ei langpanne med focaccia:

  • 1 kg kveitemjøl
  • 1 pk tørrgjær
  • 1 ss akasiehonning
  • 1 ½ ts salt
  • 1 ss pizzakrydder (merian,basilikum og oregano)
  • 9 dl lunka vatn
  • maldonsalt & rosmarin
  • ca. ¾-1 dl olivenolje

[/recipe-foody]

Ha lunka vatn i ein bakebolle og rør ut gjæren slik den løyser seg opp litt. Ha i honning, salt, pizzakrydder og kveitemjøl og bland godt saman til du har ei klissete deig. Strø litt mjøl på toppen av deiga og dekk bollen med plastfolie. Lat heve til dobbel storleik, ca. 1 ½ time.

Dekk ei langpanne med bakepapir. Ringle utover ca. halvparten av olivenolja slik at deiga ikkje skal sitte fast i papiret. Hell deiga ut av bakebollen og over i langpanna. Dypp fingrane i litt olje slik at deiga ikkje klistrar for mykje. Fordel deiga utover i eit jamnt lag slik den dekkjer heile forma. Dekk langpanna med eit kjøkenhandklede og lat etterheve i ca. 45 minutt.

Forvarm steikeomnen til 200 ºC.

Ringle over resten av olivenolja på toppen av deiga og lag små hol over heile med fingrane. Strø på rikeleg med maldonsalt og rosmarin (evt. anna krydder) og set langpanna midt i steikeomnen. Lat brødet steike i ca. 15-20 minutt og bruke gjerne også varmluft-funksjon litt av steiketida slik du får ei gylden og sprø overflate. Avkjøl brødet på rist og hell gjerne på nokre dråpar ekstra med olivenolje før servering.

 

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*