Salat med grilla nektarin, spekeskinke, blåmuggost & basilikum-vinaigrette

[dropcap]K[/dropcap]ombinasjonen av søt frukt saman med ost og salat er nydeleg. Dei grilla nektarinane gir ein søt, mild og sommarleg smak til den ellers litt salte og skarpe smaken frå blåmuggost og spekeskinke.

Ein god salat kan passe som både forrett, lunsj eller middag og er ein enkel måte å variere eit måltid på. Denne salaten er ein fin lunsj eller lett middag dersom du i tillegg har med litt godt brød ved siden av. I salaten har eg brukt Saint Agur som er ein krema blåmuggost med mjuk konsistens som smeltar på tunga. Den lett skarpe smaken frå osten passar perfekt saman med dei lune og søte grilla nektarinane. I tillegg har eg servert salaten med basilikum-vinaigrette frå dette innlegget, som gir ein aromatisk og frisk smak til det heile. Oppskrifta gir nok salat som eit heilt måltid for to personar eller ein forrett for fire.

DSC_0683

[recipe-foody]Ingrediensar til salat for ca. 2 personar:

Grilla nektarin:

  • 4 nektarin, ganske faste
  • akasiehonning
  • olivenolje
  • havsalt

Salat:

  • ca. 100 g blanda salat (gjerne baby leaf-salatmix)
  • 100 g sukkererter
  • ½ rødløk
  • 4-6 grøne asparges
  • 100 g Saint Agur
  • 75 g spekeskinke
  • ein neve pinjekjerner, rista

[/recipe-foody]

Dersom salaten er litt slapp eller du berre vil  friske den opp litt kan du legge den i kaldt vatn saman med litt isbitar for å friske opp og få ein sprø konsistens. La den ligge slik i ca. 20-30 minutter og tørk deretter godt av salaten for å få vekk all væske.

Varm opp ei grillpanne eller ein utegrill (evt. vanleg steikepanne). Del nektarinane i to og fjern steinen. Skjær deretter kvar nektarin i tjukke skiver på ca. 1-2 cm og pensle dei godt med olivenolje og akasiehonning. Legg nektarinane i grillpanna og la dei steike raskt i nokre minutter på ganske høg varme slik dei får grillmerker. La aspargesen få ligge med i panna i eit par minutter for å bli litt mjukare. Strø deretter eit lite dryss havsalt over nektarinane og aspargesen.

Skjær sukkerter i små bitar på eit par cm og skjær rødløk i tynne strimlar. Bland saman baby leaf-salat med sukkerter og rødløk. Skjær asparges i bitar på 2-3 cm og bland saman med resten av salaten. Legg grilla nektarin på toppen av salaten og riv blåmuggost i små klattar som du fordelar utover. Strø til slutt rista pinjekjerner over salaten og ringle over godt med basilikum-vinaigrette. Server salaten umiddelbart saman med spekeskinke og evt. brød.

DSC_0700 3

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*