[dropcap]J[/dropcap]ulestemninga tikkar inn i takt med kvar desemberdag som er gått og lukta av julebakst begynner å sette seg i huset. Med desse seige pepperkakerutene som smakar sterkt av julekrydder og har små sjokoladebitar i seg vil du garantert komme enda meir i stemning.
Er du ein av dei (som eg sjølv) som er glad i å ete pepperkakedeig vil du nok like desse seige og klissete bitane. Eg har valt å understeike kaka mi litt sidan eg er glad i nesten litt halvvegs rå brownies og liknande. Er du ikkje glad i rå kakedeig steikar du berre kaka litt lenger, for seigheita i kaka beheld du likevel på grunn av sukkeret og sirupen i røra. Det er ganske mykje krydder i kaka, så om du synest det tek litt overhand kan du tilsette litt og litt av krydderet og smake på røra undervegs slik den blir tilpassa din eigen smak. I denne oppskrifta har eg også tatt i bruk pepperkakekrydderblandinga eg har lagt ut tidlegare.
[recipe-foody]Ingrediensar til ei lita langpanne med pepperkakeruter:
- 200 g smør, romtemperert
- 3 ½ dl demerarasukker
- ½ dl mørk sirup
- 2 egg
- 1 ts vaniljeekstrakt
- 5 ½ dl hvetemel
- 2 ss pepperkakekrydder (oppskrift her)
- 1 ts bakepulver
- ¼ ts natron
- ¼ ts salt
- 80 g lys kokesjokolade, finhakka eller i dråpar
[/recipe-foody]
Forvarm steikeovnen til 175 ºC.
Rør smør, sukker og sirup mjukt og porøst i ei kjøkkenmaskin. Tilsett egga eitt i gongen og rør godt mellom kvart av dei. Ha deretter i vaniljeekstrakt og bland godt. Bland saman alt det tørre i ein bolle og sikt inn litt og litt i røra medan maskina går på sakte fart. Bland saman til alt er blitt ei ganske fast og klissete røre. Bland inn sjokoladen. Kle ei lita langpanne på ca. 18 cm x 28 cm med bakepapir og fordel røra jamnt utover med ein slikkepott. Sett midt inn i ovnen og la kaka steike i ca. 28-30 minutter (det gjorde eg) for ei ganske så understekt og klissete kake. Vil du ha kaka litt bedre stekt kan du la den stå 2-3 minutter lenger, og vil du ha den heilt gjennomstekt kan du la den stå enda litt lenger. Smak og behag! Avkjøl kaka i forma og skjær i ruter. Sett du den i kjøleskap før du skjærer i den stivnar kaka og du får fine ruter. Nyt saman med eit glas kald melk eller ein kopp varm te/kaffe!