Sitron, valmue & blåbærpannekaker

[dropcap]I[/dropcap]nnimellom er det godt å slå til med ein ekstra skikkeleg god frukost med tjukke pannekaker og godt tilbehør. Desse frukostpannekakene med smak av sitron, valmue og blåbær er ein nydeleg måte å starte dagen på med litt honning og yoghurt på toppen.

Pannekakene er proppa med blåbær som blir varme og smeltar på tunga etter steiking og valmuefrø og sitronskal som gir ein fin ettersmak. Saman med pannekakene er det godt med ferske bær, akasiehonning og gjerne ein god klatt med rømme, yoghurt eller kesam. Oppskrifta held til ca. 12 stk ganske store pannekaker eller mange fleire små om du heller vil ha det. Pannekakerøra kan fint stå i kjøleskapet til neste dag også dersom du har igjen restar.

DSC00029

[recipe-foody]Ingrediensar til ca. 12 middels store pannekaker:

  • 4 ½-5 dl kveitemjøl
  • ¾ dl sukker
  • 2 ts bakepulver
  • 1 ts vaniljesukker
  • 1 klype salt
  • 1 dl mascarpone/ricotta/kremost
  • 3 dl heilmjølk
  • 2 ts kvitvinseddik
  • 3 egg
  • 1 ss sitronskal
  • 2 ss valmuefrø
  • 2 dl ferske blåbær

[/recipe-foody]

Ha kveitemjøl, sukker, bakepulver, vaniljesukker og salt i ein bolle og bland det godt saman. Rør inn mascarpone. Mål opp mjølka og ha i kvitvinseddiken og bland det ut. Hell mjølka i mjølblandinga og rør godt med ein visp til du får ut alle klumpar. Tilsett egga eitt og eitt i gongen og rør godt mellom kvart av dei. Deretter har du i rive sitronskal og valmuefrø og rører til det er fint blanda inn i røra. Vend til slutt inn blåbær og la røra stå å svelle litt. Steik deretter pannekakene i ei steikepanne med litt smør på middels varme, til dei er gyldne på begge sider. Server pannekakene lune og  gode saman med ferske bær, akasiehonning og gjerne ein klatt yoghurt eller rømme.

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*