Sjokolade-og hasselnøttknutar

[dropcap]G[/dropcap]jærbakst kombinert med sjokolade kan aldri slå feil etter mi meining. Det gjorde det heller ikkje med desse nydelege bolleknutane med sjokolade- og hasselnøttfyll.

Gjærdeiga er den faste eg brukar til diverse bolleoppskrifter når eg ikkje brukar Schakenda si oppskrift. Framgangsmåten er den samme på begge oppskrifter, men smaken er allikevel bittelitt forskjellig og eg kan ikkje heilt bestemme meg for kva for ei eg likar best. Som fyll inni bollane har eg laga eit sjokoladefyll med hasselnøttpraline og smør. Dette gir ein fin og søt nøttesmak til sjokoladen utan at det minner om nugatti eller nutella. Dersom du ikkje har hasselnøttpraline for hand eller ikkje orkar ta deg bryet med å lage det kan du fint droppe det og erstatte med bittelitt sukker og hakka nøtter istaden. Men som eg har sagt før så er det kjekt å ha eit glas med hasselnøttpraline ståande som du kan bruke til diverse kakefyll og godsaker.

DSC_0776

DSC_0753

[recipe-foody]Ingrediensar til 20 stk. sjokolade-og hasselnøttknutar:

Gjærdeig:

  • 5 dl heilmjølk
  • 50 g ferskgjær
  • 175 g sukker
  • 1, 1 kg kveitemjøl
  • 1 ss kardemomme
  • 10 g salt
  • 1 egg
  • 150 g smør, romtemperert og i terningar

Sjokolade-og hasselnøttfyll:

  • 200 g mørk kokesjokolade (minimum 50 % kakaoinnhald)
  • 75 g smør
  • 125 g hasselnøttpraline (etter oppskrift her)
  • 50 g hasselnøtter, grovhakka
  • 1 egg, til pensling
  • rørsukker, til strø

[/recipe-foody]

For å lage deiga varmar du fyrst opp mjølka i ein kjele til den er lunken. Ha mjølka over i ein bolle og rør ut gjæren. Tilsett deretter sukker, mesteparten av kveitemjølet, kardemomme, salt og egg og la deiga elte i maskin i 10 minutters tid. Tilsett smøret i deiga og elt vidare i 10 minutter til, til smøret er heilt elta inn i deiga og du har ein glatt og smidig deig. Tilsett eventuelt meir kveitemjøl etter behov. Dekk bakebollen med plastfolie og la heve til dobbel størrelse, ca. 1 – 1 ½ time.

Smelt sjokolade og smør over vannbad på lav varme til alt er fint smelta og du har ein blank og glatt sjokolade. Rør deretter inn hasselnøttpraline til alt er jamnt blanda saman. Sett til sides for avkjøling slik at blandinga får ein litt fast og smørbar konsistens som ikkje renner utover ved bruk.

Hell den ferdig heva deiga ut på kjøkkenbenken og kjevle den ut til eit rektangel på ca. 40 cm x 55 cm størrelse. Smør sjokolade-og hasselnøttfyllet utover heile rektangelet og strø over hakka hasselnøtter. Brett deretter ein tredjedel av deiga inn mot midten. Så brettar du den siste tredjedelen av deiga oppå der igjen, slik at du har tre lag. Trykk saman deiglaga litt slik at dei heng saman. Kjevle deretter deiga ut til eit rektangel på ca. 50 cm x 30 cm. Skjær deretter deiga i 20 stk tynne strimlar på ca. 2-3 cm bredde på kortsida av rektangelet. Hald fast i kvar ende på strimlane og snur dei rundt seg sjølv og knyt deretter deiga saman til ein knute eller snurr slik du sjølv foretrekker å lage dei. Sett på bakepapirkledd steikebrett og la etterheve i ca. 30-45 minutter.

Forvarm steikeovnen til 200 ºC. Pensle sjokoladeknutane med samanpiska egg og strø på sukker på toppen. Sett midt i steikeovnen og la steike i ca. 12-15 minutter. Avkjøl på rist.

DSC_0775

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*