[dropcap]N[/dropcap]ydelige sprø kjeks med kraftig smak av kakao, sprø pistasjnøtter og eit godt dryss med havsalt på toppen. Kjeksa er ikkje av den alt for søte typen og har ganske så “voksen” smak som passar til kaffekoppen.
Biscotti er italienske kjeks som er stekt i to omgongar, fyrst i ei heil kake og deretter skjært opp i stykker og stekt på nytt for å få dei sprø. Dei er fine å gi vekk i gave til nokon du er glad i. Denne varianten som har smak av sjokolade, nøtter og havsalt er ein nydeleg kombinasjon etter min smak! Kjeksa er superenkle å lage og kan kanskje bli ein del av julebaksten i år?
[recipe-foody]Ingrediensar til ca. 20 stk sjokoladebiscotti:
- 100 g smør
- 2 ½ dl sukker
- 2 egg
- 5 dl hvetemel
- 1 ¼ dl bakekakao
- 1 ts bakepulver
- 1 ts vaniljesukker
- ¼ ts salt
- 80 g pistasjnøtter, grovhakka
- maldonsalt
[/recipe-foody]
Forvarm steikeovnen til 175 ºC.
Ha smør og sukker i ein bakebolle i ei kjøkkenmaskin og rør det mjukt og luftig. Tilsett egga eitt om gongen på lav hastigheit i miksaren. Sikt i alt det tørre og bland det raskt saman til du får ei kompakt og fast deig. Ha i pistasjnøttene og kjør til det er fint fordelt i deiga. Kna saman deiga til eit avlangt rektangel(ca. 30 cm x 10 cm), legg den på eit bakepapirkledd steikebrett og klapp den litt flat. Strø eit godt lag med havsalt på toppen og sett midt inn i den forvarma ovnen og la steike i ca. 25 minutter. Ta ut brettet og la kvile i 5 minutter. Skru ned steikeovnen til 150 ºC. Skjær deretter stykker på ca. 2 cm bredde av rektangelet og legg dei med sida ned på steikebrettet igjen og sett inn i ovnen igjen i ca. 6-8 minutter slik dei blir sprø og tørkar ut litt men framleis er litt mjuke i midten. Ønsker du heilt sprø biscotti lar du dei stå i ca. 2-3 minutter ekstra slik dei er heilt gjennomstekte. Avkjøl heilt på rist. Oppbevar kjeksa i tett boks i ca. 1 vekes tid eller i frysaren om du vil dei skal vare litt lenger (om du klarer). Har du lyst på litt ekstra sjokoladesmak kan du smelte litt sjokolade og ringle over dei avkjølte kjeksa.