Sjokolademakronar med bringebærsmørkrem

Makronar nok ein gong! «Ein kan aldri få nok makronar », som mi aller beste venninde seier. I dette tilfellet stemmer det så absolutt! Søte makronar med sjokoladesmak og eit friskt og syrleg bringebærfyll er dei perfekte små godbitar!

Makronar er enda ikkje det lettaste å få til med beste resultat for kvar gong, men øvelse gjer mester heiter det! Noko som stort sett alltid går greitt å få til er sjokolademakronar av ein eller annan grunn. Om det er kakaoen i røra som gjer at konsistensen er lettare å lykkast med veit eg ikkje, men eg skal iallefall ikkje klage på suksess! Så her får du oppskrifta på desse små søtsakene.

Ingrediensar til ca. 40 små sjokolademakronar med bringebærsmørkrem:

Sjokolademakronar:

  • 130 g mandelmel
  • 170 g melis
  • 1 ss bakekakao
  • 100 g eggekvite
  • 80 g sukker

Bringebærsmørkrem:

  • 115 g smør
  • 2 ½ dl melis
  • 1 ss mjølk
  • 125 g bringebær

Fyrst startar du med å lage makronane. Bland saman mandelmel, melis og kakao og sikt det. I ein rein bakebolle har du i eggekvitene og piskar på medium fart i ei kjøkkenmaskin til det begynner å skumme. Dette tek berre nokre sekund. Ha i sukkeret 1 ss av gongen medan maskina går heilt til du har brukt opp alt sukkeret. Når du har fått ein glansfull og stiv marengs siktar du i melis-og mandelmelblandinga i marengsen. Det som er for stort til å sikte igjennom i sikta av mandelmelet legg du til sides (dette kan du bruke til diverse bakst). Bland saman melis-og mandelmelblandinga i marengsen med ein slikkepott. No skal du røre til du får slått ut ein del av lufta utan at du får ei heilt rennande røre. Når det renn sakte ned av slikkepotten i ein trekant når du held den opp frå røra er den klar.

Ha røra over i ein sprøytepose med rund sprøytetipp og sprøyt ut små sirklar på størrelse med ein fem-kroning med god avstand mellom kvar på bakepapirkledd steikebrett eller på makronmatte om du har det. Slå bakebrettet hardt i kjøkkenbenken nokre gongar til du har fått slått ut eventuelle luftbobler i makronane. Lat makronane tørke på brettet før du steiker til dei har fått ei tørr overflate. Dette kan ta alt frå 30 minutter til eit par timar alt etter kor tørt eller fuktig det er i lufta.

Forvarm steikeovnen til 150 ºC varmluft. Steik makronane med eit brett under steikebrettet om du brukar bakepapir. Har du brukt makronmatte i silikon treng du ikkje to steikebrett. La makronane stå i ca. 10-12 minutter. Toppane skal vere faste på underlaget når du prøver å bevege forsiktig på dei og ha fått ei sprø overflate. Her må du berre prøve deg fram litt med den steikeovnen du har. Avkjøl makronane heilt på brettet før du prøvar å flytte på dei, ellers vil botnane sitte fast i underlaget og du sitt igjen med makrontoppen i handa.

For å lage bringebærsmørkremen har du smøret i ein bakebolle og piskar det mjukt og luftig i kjøkkenmaskin. Ha i melis litt og litt om gongen og pisk godt mellom kvar gong til du har brukt opp alt. Ha i mjølka og pisk godt igjen. Mos bringebæra med ein gaffel og ha i alt i smørblandinga og kjør på høg hastigheit. No kan det hende at det skiller seg, men fortvil ikkje. Fortsett og blande på høg hastigheit i nokre minutter så vil kremen samle seg igjen og bli luftig og fløyelsmjuk. Når kremen er glatt og luftig har du den over i sprøytepose og sprøytar ut små toppar på makronbotnane og legg ein ny makronbotn over den andre. Gjenta med alle makronane.

No har du fått mange små og delikate sjokolademakronar som smakar søtt og eit herleg bringebærfyll som gir friskheit. Nyt!♥

DSC_0106

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*