[dropcap]D[/dropcap]ersom du er glad i friske kyllingrettar og i tillegg er glad i gode ostar er dette ein sjølvskreven rett for deg. Kyllingbrystet er fylt med god brie, epleskiver, fersk basilikum og deretter surra inn i spekeskinke og får ein saftig og smakfull aroma. Ved sidan av har du ein nydeleg eplekraftsjy som gir ein lett søt og frisk smak til både kylling og ris.
Denne retten er akkurat så frisk som den høyrest ut som og er ein fin helgemiddag dersom du vil ha noko godt utan at det blir ein tung og mektig rett. Brieosten smeltar og blir mjuk og epleskivene blir møre og saftige. Saman med den salte spekeskinka blir dette eit herleg middagsmåltid. Heile retten er ferdig på ca. 30 minutter og er superenkel å lage.
[recipe-foody]Ingrediensar til fylt kyllingbryst og eplekraftsjy for 4 personar:
Kylling:
- 4 kyllingbryst, utan skinn
- 1 eple (gjerne Pink Lady)
- 8 skiver brie
- 8-12 skiver spekeskinke
- ein neve fersk basilikum
- salt & peppar
- smør, til steiking
Eplekraftsjy:
- 4 fedd kvitløk
- 2 små epler
- 5 dl kyllingkraft
- 1 dl eplemost/god eplejuice
- 3-4 ss Dijonsennep
- 3-4 ss akasiehonning
- 3 ss fersk basilikum, finhakka
- salt & peppar
- smør, til steiking
Tilbehør:
- grøn salat
- kokt ris
[/recipe-foody]
Forvarm steikeovnen til 180 ºC.
Skjær eit djupt hakk inn i midten på kvart kyllingbryst slik at du kan brette ut fileten utan at den blir delt i to. Krydre kyllingen godt med salt og peppar på begge sider. Skjær 4 skiver på ca. 2-3 mm tjukkelse av eplet og fjern kjernehuset. Del kvar skive i to og legg inn i kvar av kyllingbrysta saman med 2 skiver brie og rikeleg med fersk basilikum. Brett saman kyllingbrystet igjen slik at fyllet ligg i midten. Legg 2-3 skiver spekeskinke etter kvarandre slik dei overlappar kvarandre og legg kyllingbrystet oppå og rull saman slik at du får skjøten på undersida. Gjenta med dei tre andre kyllingbrysta. Varm opp litt smør i ei steikepanne og steik kyllingbrysta raskt på høg varme i ca. 2 minutter på kvar side, slik at dei får godt med farge. Legg kyllingbrysta i ei ildfast form (evt. sett steikepanna rett inn i ovnen om den tåler det) og sett i forvarma ovn og la steike i ca. 20 minutter.
Medan kyllingen står i steikeovnen kan du koke ris etter anvisning på pakken og lage klar eplekraftsjyen. Smelt litt smør i ei steikepanne. Finhakk kvitløken og la den surre i panna på middels varme til den blir mjuk. Skjær epla i små terningar på ca. ½ cm og ha dei i panna saman med kvitløken. La epleterningane surre i 2-3 minutter. Tilsett kyllingkraft, eplejuice, sennep, honning og basilikum og gi det heile eit oppkok. La deretter krafta småputre i ca. 5 minutters tid. Smak deretter til med salt og peppar.
Server kyllingbrysta med kokt ris, salat og den friske eplekraftsjyen og nyt!