Superenkel heimelaga iskaffe

[dropcap]I[/dropcap]skaffe får du i alle variantar på dagligvarebutikkar og kafè, men å lage sin eigen er både enkelt og meir økonomisk enn å kjøpe ferdig på butikken.

Oppskrifta på heimelaga iskaffe er så enkel at den knapt nok treng oppskrift i det heile, men her har du iallefall framgangsmåte på din eigen iskaffe. Smaken kan du også variere alt etter kva kaffesirup du vel å tilsette. Får du ikkje tak i kaffesirup kan du fint bruke dei ulike typane iskremsaus du får på flaske eller for eks. lage din eigen karamell-eller sjokoladesaus. Vil du ikkje ha nokon spesiell smak men allikevel vil ha den litt søtare kan du tilsette litt brunsukker.

[recipe-foody]Ingrediensar til 2 store glas iskaffe:

  • 5 dl kald sterk kaffe
  • 2 ½ dl mjølk (gjerne mjølkeskum)
  • 1-2 ss kaffesirup (vanilje, karamell, nøttesmak, sjokolade etc.)
  • kaffeisbitar (lag helst dagen før)

[/recipe-foody]

Det fyrste du må gjere er å lage kaffe og avkjøle den for så å ha over i isbitpose/isbitform og sette til frysing. Så har du herlege isbitar med kaffesmak.

Lag sterk kaffe og sett den til avkjøling. Ha i mjølka og tilsett kaffesirup med ønska smak og rør godt rundt. Ha i kaffeisbitar. No har du din eigen avkjølande iskaffe i den smaken du sjølv ønskar. Enkelt og godt!

DSC_0368

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*