Surdeigsbrød med grovt rugmel

[dropcap]S[/dropcap]urdeig gir ein fantastisk smak og struktur på brødbakst og er min store favoritt når det kjem til baking av brød og rundstykker. Her er surdeiga brukt i eit brød med mykje rugmel av både grov og fin type.

Det viktigaste du kan gjere med bakst baka med surdeig er å gi det tid. Lar du ikkje surdeiga få gjere jobben og heve skikkeleg endar du opp med flate og kompakte brød. For å bake med surdeig er det også viktig at du friskar opp surdeiga di dagen før, slik at den er aktiv og boblande når du skal bruke den.

Nybakte og varme surdeigsbrød med sprø skorpe og ein god klatt smør på er noko av det beste ein kan få, spør du meg.

[recipe-foody]Ingrediensar til to runde surdeigsbrød med rug:

  • 400 g klar surdeig av rugmel
  • 300 g sammalt grovt rugmel
  • 100 g sikta rugmel
  • 475-500 g hvetemel
  • 15 g salt
  • 6 dl lunka vatn

[/recipe-foody]

Ha alle ingrediensane (men hold igjen litt av hvetemelet) i ein eltebolle og la deiga elte i kjøkkenmaskin i ca. 10 min. Tilsett eventuelt meir av hvetemelet ved behov. Deiga skal samle seg og bli smidig og elastisk når den er klar. Brett deiga under seg sjølv nokre gongar, form til ein ball og sett til heving i ein bolle med plastfolie og eit kjøkkenhandklede over. Deiga skal heve til dobbel størrelse, dette vil gjerne ta ca. 3 timar eller meir.

Strø så eit lite lag mel på kjøkkenbenken og kvelv deiga ut på benken. Del deiga i to like store emner og kna dei saman til runde fine brød. Har du runde hevekorger for brød så bruk dei til å etterheve brøda i. Om du ikkje har det så former du berre brøda fint til og sett dei på eit steikebrett med litt mel under. La så etterheve i 1 ½ – 2 timar, eller til dobbel størrelse.

Forvarm ovnen til 250 ºC med ein bakestein inni om du har det. Snu brødhevekorga opp ned på bakesteinen og snitt brødet på toppen. Sett midt i ovnen, skru ned temperaturen til 200 ºC og steik brøda i ca. 35 min, eller til dei er fine og gyldne og lagar ein hul lyd når du bankar lett på dei.

DSC_0557

Avkjøl brøda på rist. Server så lunkne brød med godt smør eller pålegg på og nyt den sprø skorpa og lett syrlege smaken av surdeig.

P.S. Norgesglasset er forresten ypperleg til å dyrke surdeig i, slik som eg har gjort her. Då ser du gjennom det klare glaset og har full kontroll over aktiviteten på surdeiga.

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*