Taco-suppe

Har du att restar frå tacoen i helga kan du enkelt lage ei god suppe for å bruke opp restane av både kjøtdeig og grønsaker. Topp suppa med tortillachips og forleng helga litt med ein enkel middag!


Etter helga var det att ein klatt med ferdig krydra og steikt kjøtdeig etter taco-måltidet, og sidan eg prøvar å aldri kaste mat så måtte denne brukast. Ei god suppe med tomat som base blir raskt smakfull middag med smak av tex-mex. Bruk det du sjølv har igjen av restar og topp gjerne suppa med oppkutta grønsaker, rømme, ost og tortillachips om du vil. Juster også mengda med chili opp eller ned alt etter kor sterkt du vil ha det. Har du att opphakka grøn salat kan du tilsetje dette også i suppa rett før servering.

[recipe-foody]Ingrediensar:

  • 150 g taco-kjøtdeig (ferdig steikt & krydra)
  • 1 raudlauk, finhakka
  • 1 stort fedd kvitlauk, finhakka
  • 1 grøn chili, finhakka
  • 1 ts løkpulver
  • 1 ts malt spisskummen
  • 1 ts røykt paprikapulver
  • 7 1/2 dl kjøtkraft (evt. grønsakskraft)
  • 500 g passata pomodoro (hermetiske tomat på boks i purèform)
  • 1-2 ts sukker
  • 1 raud paprika, i terningar
  • 200 g kidneybønner
  • 1/2 boks mais
  • 1/2 boks creme fraiche
  • salt & pepar

Topping:

  • Rømme
  • tortillachips
  • vårlauk, i ringar

[/recipe-foody]

Varm opp litt olivenolje i ein kjele som rommar litt. Ha i raudlauk, kvitlauk og chili og lat det surre på middels varme til lauken er mjuk og blank. Ha i alt krydderet og rør godt rundt. Tilset kraft og hermetisert tomat og gi det eit oppkok. Lat suppa koke i ca. 10-15 minutt. Ha i sukker for å runde av smaken. Tilset deretter kjøtdeiga, paprika, bønner og mais og lat småkoke i ca. 10 minutt ekstra. Rør inn creme fraiche og lat koke med eit par minutt. (Tilset grøn salat i strimlar om du brukar det). Smak til med salt og pepar. Server suppa med ein klatt rømme, frisk vårlauk og salte tortillachips.

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*