Stikkord: bær

Red velvet formkake

[dropcap]R[/dropcap]ed velvet cake eller raud fløyelskake er ei amerikansk sjokoladekake som er tilsatt masse raud konditorfarge for å få ein brennande raudfarge. Kaka er saftig og er toppa med kremostglasur. Mi utgåve er laga som formkake og er i tillegg servert med masse friske bringebær på toppen.

Glutenfrie bananmuffins

[dropcap]O[/dropcap]vermodne bananar er det perfekte utgangspunkt for søt bakst med saftig konsistens. Desse muffinsane smakar godt av banan og inneheld både blåbær og sjokoladebitar og er i tillegg glutenfrie.

Sjokoladegraut

[dropcap]E[/dropcap]nkelte dagar er lysta på sjokolade og søtt større enn andre og då kan svaret vere å starte dagen med ein ekstra god frukost. Denne havregrauten lagar du kjapt og får stilt både svolt, søtsug og næringsbehov med.

Ostekakeglas med kjeks & bringebær

Lettvinte dessertar med friske smakar er supert når søtsuget melder sin ankomst og ein ikkje har tid eller lyst til å stå og kokkelere i evigheiter. Denne ostekaka er laga på kort tid og treng ikkje verken steiking eller mykje utstyr. I botnen har du eit lag med knuste sjokoladekjeks […]

Krydra bjørnebærsyltetøy

[dropcap]D[/dropcap]ette syltetøyet av bjørnebær er krydra med gode aromatiske krydder som stjerneanis, kanel og vanilje og er herleg både som pålegg på gjærbakst eller til dessertar og gode ostar.

Viltsuppe med lammekjøtbollar

[dropcap]E[/dropcap]r det noko eg er ekstra glad i så er det krema supper og gryter med viltkjøt og typiske tradisjonelle “norske” smakar og ingrediensar. Viltsuppe med kantarell, einebær, tyttebær og kjøtbollar av lammekjøt gir meg akkurat den assosiasjonen.

Tyttebærgelè

[dropcap]T[/dropcap]yttebær er sjølvsagt tilbehør til mange tradisjonelle rettar som for eks. kjøttkaker i brun saus og viltkjøt og gryter. Personleg er eg veldig glad i ripsgelè og ville derfor prøve å lage gelè av tyttebær.

Lakris-& kvit sjokoladeiskrem

[dropcap]V[/dropcap]i er inne i den siste sommarmånaden og framleis er temperaturane ute perfekte til å nyte god iskrem. Denne fløyelsmjuke iskremen med fyldig smak av kvit sjokolade og ein framtredande lakrissmak er nydeleg god som dessert etter ein bedre middag eller berre til å nyte ute i varmen.

Havrelappar

[dropcap]D[/dropcap]ersom ein har god tid om morgenen er det ekstra godt å gjere litt ut av frukosten og lage seg eit ekstra godt måltid. Desse havrelappane er enkle å lage og smakar nydeleg godt saman med masse bær og yoghurt og kanskje også litt sjokoladepålegg om du skal slå på […]

Jordbærpai

Samarbeid med Kitchentime /Innlegget inneheld annonselenker/ [dropcap]D[/dropcap]enne jordbærdesserten har eg verkeleg venta lenge på! I botnen har du søte og smakfulle jordbær som både gir bitar å tygge på og ein slags saus og på toppen er det sprø deig som blir seig og mjuk dess lenger ned i paien […]