[dropcap]F[/dropcap]ersk fransk surdeig-baguette med sprø skorpe og ein klatt smør er nydeleg å setje tennene i. Enten du et den som den er med godt smør eller brukar til lunsj med masse godt pålegg, så er det absolutt verdt å vente på at surdeiga skal bli klar for å få […]
Stikkord: fransk
Fransk løksuppe
[dropcap]L[/dropcap]øksuppe verken høyrer eller ser kanskje spesielt godt ut, men eg kan garantere at smaken så absolutt er det. Løken får ein mild og søtleg smak når den blir steikt og kokt over lang tid og gir ei svært aromatisk suppe. På toppen av suppa er det gratinerte brødskiver med […]
Fougasse
[dropcap]F[/dropcap]ougasse er eit fransk brød som har sin opprinnelse langt tilbake i tid i romerriket. Brødet er det franske motstykket til den italienske focacciaen og er eit flatt brød som liknar på eit blad og er fylt med for eks. urtar og oliven eller anna godt.
Pain d`Epi
[dropcap]D[/dropcap]ette franske loffbrødet kan du sjå i dei fleste bakeria rundt om i Frankrike. Brødet er ein slags baguette av lyst hvetemel som er forma som ei grein med blad.
Tarte au citron et lavande
[dropcap]F[/dropcap]ransk sitronterte er ein klassikar som du finn overalt i Frankrike. Denne terta med smak av lavendel er ein smaksopplevelse for dei som er glad i syrleg sitron og ikkje er redd for nye smakar.
Sjokolademakronar med bringebærsmørkrem
Makronar nok ein gong! «Ein kan aldri få nok makronar », som mi aller beste venninde seier. I dette tilfellet stemmer det så absolutt! Søte makronar med sjokoladesmak og eit friskt og syrleg bringebærfyll er dei perfekte små godbitar!
Coq au vin
[dropcap]F[/dropcap]ransk gryte med kylling kokt i vin og kraft med sopp, bacon og sjalottløk. Det franske kjøkken slår til igjen!
Fransk løkterte
[dropcap]L[/dropcap]ettlaga fransk terte med masse løk og milde smakar. Servert saman med ein grøn salat og syrleg og smakfull vinaigrette får du eit balansert måltid.
Tarte Tatin
[dropcap]V[/dropcap]erdens beste epleterte, uten tvil! Den franske Tarte Tatin smakar ikkje som den norske eplekaka eller eplepaien i det heile tatt, men konkurrerer dei lett ut.
Chevre Chaud salat
[dropcap]S[/dropcap]alat med grilla baguette og chèvreost, valnøtter og ein syrleg vinaigrette. Herlege franske smakar som passar både som forrett eller lett lunsj.