[dropcap]N[/dropcap]år ein er så glad i italiensk pizza som eg er, så må ein stadig eksperimentere med nye smakar og fyll. Denne gongen blei det ein svært “vaksen” pizza med ferske fiken, camembert, spekeskinke og karamellisert løk. Om det blei godt? Ja, gjett om!
Stikkord: frukt
Andelår med plommesaus
[dropcap]H[/dropcap]ar du framleis plommer liggjande eller har dei tilgjengeleg i frysaren er denne retten eit fint alternativ å bruke dei på. Steikte andelår med sprøtt skinn og ein søt og krydra plommesaus er smakfull mat!
Eplesmør
[dropcap]E[/dropcap]plesmør er overraskande godt og smakar nesten som karamellisert eplemos. Eplesmør inneheld ikkje smør i det heile, men har derimot smørekonsistens som smør og er nydeleg godt på brødskiva.
Frangipane-terte med eple
[dropcap]F[/dropcap]rangipane er eit mandelfyll som ein brukar til diverse kaker og terter. Her har eg brukt det nydelege mandelfyllet til ein søt tertebotn med norske syrlege eple på toppen.
Plommesaft
Plommesesongen i år gav store mengder med fine plommer og med kilovis av desse måtte eg finne noko godt å lage. Resultatet blei smakfull plommesaft med gode krydder.
Salat med pære, camembert, spekeskinke & bringebærvinaigrette
[dropcap]G[/dropcap]jennom sommartida har det vore mang ein salat på menyen og ein av dei er denne med spanande kombinasjon av søtt, syrleg og salt. Salaten inneheld både frukt, bær, ost og spekemat som er servert saman med ein syrleg vinaigrettedressing med bringebær.
Ravioli med spinatfyll & sitronsmørsaus
REKLAME [dropcap]R[/dropcap]avioli er pasta der ein har eit valfritt fyll som er lagt i mellom to plater med tynn pastadeig og servert med enten saus eller kraft. Allereie på 1500-talet var ravioli godt kjent i Roma og er stadig ein svært populær italiensk rett.
Bruschetta med aprikos, mozzarella & Tind spekepølse
SPONSA INNLEGG [dropcap]B[/dropcap]ruschetta er perfekt å servere som snacks, tapas eller forrett og er utruleg enkelt og kjapt å lage. Enten du vel å nyte det som snack, forrett eller måltid så anbefaler eg deg å prøve denne med mozzarella, aprikos og god spekepølse med smak av sydlandske urter.
Pavlova med krem, blåbær & grapefruktsaus
[dropcap]D[/dropcap]en elska pavlovakaka kjem ein ikkje utanom når det nok ein gong nærmar seg 17.mai-feiring. Denne gongen er kaka toppa med kesam-og fløtekrem, blåbær, grapefrukt og ein grapefruktsaus. Her får du både syrleg, søt og frisk smak i eitt!
Brokkolisalat med granateple & spekeskinke
[dropcap]B[/dropcap]rokkolisalat er ein spennande salat som passar like godt som hovudmåltid som tilbehør til kjøt-eller fiskerettar. Salaten har mellom anna sprø brokkoli, friske granateplekjerner, sprøsteikt spekeskinke og ein krema dressing med crème fraiche.