Stikkord: jul

Pepperkakebrownies

[dropcap]T[/dropcap]ida for pepperkaker og julesmakar er rett rundt hjørnet og ein blir nok ein gong freista til å bake. Brownies blir eg sjeldan lei og er den perfekte kaka å bake når ein vil ha noko lettvint som smakar godt av sjokolade. Denne browniekaka er klissete og seig og inneheld […]

Byggrynskrem med syltetøy & bær

[dropcap]D[/dropcap]et nærmar seg sakte og sikkert jul og høgtid, og då er riskrem eit fast innslag i veldig mange heimar. Her har eg laga ein liten vri på den klassiske riskremen med raud bærsaus og laga riskrem av byggryn og servert den saman med krydra bjørnebærsyltetøy og ferske bær.

Krydra bjørnebærsyltetøy

[dropcap]D[/dropcap]ette syltetøyet av bjørnebær er krydra med gode aromatiske krydder som stjerneanis, kanel og vanilje og er herleg både som pålegg på gjærbakst eller til dessertar og gode ostar.

Tyttebærgelè

[dropcap]T[/dropcap]yttebær er sjølvsagt tilbehør til mange tradisjonelle rettar som for eks. kjøttkaker i brun saus og viltkjøt og gryter. Personleg er eg veldig glad i ripsgelè og ville derfor prøve å lage gelè av tyttebær.

Graven ørret

[dropcap]G[/dropcap]raven laks eller ørret blir ofte brukt til jul og koldtborda rundt julehøgtida, men denne nydelege fiskeretten er like god heile året rundt. Om du ikkje rakk å lage dette til jul så er det berre å sette i gong no, så har du eit smakfullt og sunt pålegg til […]

Kalkungrateng

[dropcap]E[/dropcap]tter nyttårskalkunen er det som regel ofte igjen ein heil del kalkunrestar. Kalkunkjøtet er kanskje blitt litt tørt og trist etter 2-3 dagar og då er det supert å lage denne retten. Då får du brukt opp restane og i tillegg blir kalkunen igjen eit smakfullt måltid.

Waldorfsalat

[dropcap]D[/dropcap]å er siste dagen i året komen og vi skal snart starte på eit nytt spennande år. Veldig mange serverer kalkun til årets siste middag og då er ein waldorfsalat alltid fast inventar. Her er min versjon på det elska kalkuntilbehøret.

Peppermyntekonfekt

[dropcap]D[/dropcap]esse nydelige konfektbitane har eg funne oppskrifta på i Skafferiets kokebok frå det flotte Skafferiet på Mjøsa. Det er fyrste gongen eg prøvar meg på desse, men definitivt ikkje siste gong. Dei består av herleg og krema mintfyll i midten og eit tynt lag mørk sjokolade på utsida. Rett og slett nydeleg!