[dropcap]S[/dropcap]tekt ostekake med skogsbærsmak, mørk og seig browniebotn og eit tynt rømmelokk på toppen er både friskt og mektig. Smakane på denne kaka harmonerer nydeleg saman og servert saman med masse ferske bær på toppen er den eit fint bakverk å plassere på kakebordet.
Stikkord: kake
Crème brûlée-terte med earl grey
[dropcap]D[/dropcap]enne dessertkaka er ein kombinasjon av to store favorittar hos meg, terte og crème brûlée. Når du ikkje klarer bestemme deg for kva du har mest lyst på av sprø tertedeig eller ein porsjon med krema dessertpudding, så kan ein slå to floger i ein smekk og lage begge delar […]
Brunostkake med bringebær
[dropcap]D[/dropcap]enne kaka har eg tenkt på at eg skulle lage i lang tid, og endeleg fekk eg summa meg til å prøve. I dag er det 1-årsdag for bloggen også, så då passa det perfekt med kake! Stekt ostekake med kremostfyll med brunost, ferske bringebær og ein kjeksbotn med kornmokjeks […]
Melkesjokoladeterte med salta karamelliserte pistasjnøtter & kaffekrem
[dropcap]S[/dropcap]jokoladeterte med melkesjokoladeganache, salta karamelliserte pistasjnøtter og ein bittersøt kaffekrem ved sidan av. Med nøtter, karamell, sjokolade, havsalt, kaffe og krem inneheld denne terta dei fleste av mine favorittsmakar og er ei skikkeleg konfektkake for deg som likar det søtt.
Brownie med kjeks, kvit sjokolade & crème fraiche-krem
[dropcap]M[/dropcap]ektig brownie med rik smak av sjokolade som inneheld knasande kjeksbitar og bitar av søt kvit sjokolade. Kven kan motstå det? Ikkje eg iallefall.
Hasselnøtt- og sjokoladekake
[dropcap]L[/dropcap]agkake med god smak av hasselnøtter, med eit lag mjuk ostekrem inni og ein søt sjokoladeglasur på utsida. Denne kaka smakar rett og slett hasselnøtt og smeltar på tunga.
Bananbrød
[dropcap]A[/dropcap]lle har vi vel opplevd å gløyme bananen i fruktskåla for så å finne den når den er overmoden og brunflekkete. Det er nettopp då du skal lage herleg bananbrød som er søtt og saftig.
Multeostekake med pepperkakebotn
[dropcap]D[/dropcap]en siste dagen i året er snart komen og kanskje treng du ein dessert eller noko attåt kaffien til å servere nyttårsgjestar? Då er denne stekte ostekaka med multer og pepperkakebotn perfekt!
Seige pepperkakeruter
[dropcap]J[/dropcap]ulestemninga tikkar inn i takt med kvar desemberdag som er gått og lukta av julebakst begynner å sette seg i huset. Med desse seige pepperkakerutene som smakar sterkt av julekrydder og har små sjokoladebitar i seg vil du garantert komme enda meir i stemning.
Eplekrydderkake med karamellfrosting
[dropcap]G[/dropcap]ode krydderkaker høyrer hausten til og denne er intet unntak. Med god smak av krydder, saftige epler og ein kakefrosting av kremost og karamell kan det ikkje bli anna enn godt.