Stikkord: lunsj

Frøknekkebrød med bokkveite (glutenfrie)

[dropcap]K[/dropcap]nasande sprø knekkebrød med godt pålegg er skikkeleg godt til frukost, lunsj eller mellommåltid. Desse er laga av frø og mjøl av bokkveite og er derfor heilt glutenfrie. Smekk saman ei røre og fyll opp lageret til kvardagsmåltida du også!

Glutenfrie pizzabollar

[dropcap]N[/dropcap]år ein treng turmat eller kosemat til kvelden i helga er pizzabollar eit perfekt val. Desse er glutenfrie slik at dei som har glutenallergi eller intoleranser også kan nyte heimelaga pizzabakst.

Kylling- & focacciasandwich

[dropcap]E[/dropcap]in smakfull sandwich kan vere perfekt som ein ekstra god lunsj eller som ein enkel middag. Denne sandwichen med focacciabrød, saftig kyllingfilet, urtemajones og avokado er heilt topp når du vil kose deg litt ekstra med måltidet.

Sandwich med persimon, brie & bacon

[dropcap]N[/dropcap]år ein ikkje verken har tid eller lyst til å lage eit stort måltid og må ha noko lite og enkelt å ete er ein varm sandwich perfekt. Denne består av pannestekte skiver med søt persimonfrukt, sprøstekte baconskiver og smelta brie. Enkelt og smakfullt lite måltid som tek kort tid […]

Purre- & blåmuggosteterte

[dropcap]D[/dropcap]å dei norske purreløkane låg der store og fine og freista på butikken måtte eg berre kjøpe ein bunt og finne på noko godt å lage av dei. Purre- og blåmuggosteterta blei svært saftig og aromatisk og er ein fin måte å bruke den gode råvara på.

Sandwich med kantarellstuing

[dropcap]N[/dropcap]år hausten og soppsesongen er her er det ingenting som er bedre enn ein skikkeleg sandwich med god kantarellstuing til lunsj eller kvelds. Den herleg krema blandinga med god smak frå kantarell saman med sprøsteikt brød er uslåeleg!

Speltscones

[dropcap]D[/dropcap]esse små og luftige bakverka med mjuk innside og sprø utside er nydelege med ost og syltetøy eller berre ein raus klatt smør på. Perfekte å nyte varme og nysteikte ein tidleg morgon saman med ein god kopp te.

Potet-& eplepizza

[dropcap]P[/dropcap]otet kan brukast til alt mogleg og er ein viktig del av det norske kostholdet. Det mange derimot kanskje ikkje har brukt poteta til er som fyll på pizza. Denne pizzaen har eit enkelt og smakfullt fyll som består av tynne skiver med norske mandelpoteter og epler saman med god […]

Brød med ertehummus & spekeskinke

[dropcap]D[/dropcap]en kjipe brødskiva med svett gulost er vi for lengst lei av og vil ha nye og meir spennande alternativ til. Denne sandwichen, brødblingsen, smørbrødet eller kva enn du vil kalle det er eit friskt innslag i frukost- og lunsjmenyen. Frisk ertehummus, spekeskinke og litt olivenolje gjer brødmaten innbydande, sunn […]